Eskil Nerheim: Naturforvaltar

Eskil Nerheim (28) har ein mastergrad i naturforvaltning. Nå jobbar han som naturforvaltar i Suldal kommune, nordaust i Rogaland.

Eskil Nerheim var ferdig naturforvaltarkandidat i 2004. N jobbar han som naturforvaltar i Suldal kommune, nordaust i Rogaland.

Kan du fortelja litt om arbeidet ditt?
- Suldal kommune er ein kommune med mykje natur og lite folk. Å vera naturforvaltar i ein slik kommune inneber at ein må jobba hardt for å ta godt vare på all den fine naturen, samstundes som ein lyt ha i bakhovudet at god næringsutvikling er avgjerande for at det kan bu folk her. Denne balansen mellom miljøvern og næringsutvikling er noko av det mest utfordrande med jobben.
Elles er det mange tradisjonelle naturforvaltaroppgåver. Jakt- og fiskestell, sakshandsaming der utmark er involvert, tilrettelegging for friluftsaktiviteter, o.l.

Kvifor valde du å studere på NLH/UMB?

- Det var den einaste plassen med 5-årig studium i naturforvaltning, samt at eg kjende mange som skulle byrja der. I tillegg hadde eg høyrt om det gode studiemiljøet på UMB (den gangen NLH).

Kva for ei nytte har du hatt av utdanninga di frå NLH/UMB?
- Det har gjeve meg ei god og brei utdanning, og eit fantastisk kontaktnett av venner over heile Noreg.

Heilt til slutt, har du nokon råd til kommande studentar?

- Hugs å ta tilstrekkeleg kurs i jus.
I tillegg bør ein prioritera å leva eit sosialt liv som student, for relasjonane ein byggjer i denne tida er svært viktige når ein kjem ut i arbeidslivet.
Og ein bør absolutt syngja i eit av studentkora!

Publisert - Oppdatert

Del på