Mållaust liv har òg ei meining

Av Anne Sverdrup-Thygeson

Kva er eigentleg biologisk mangfald, og kvifor treng vi det? Det freister eg svare på i Syn og Segn - du kan lese hele artikkelen her: http://www.synogsegn.no/artiklar/2017/utg%C3%A5ve-2-17/anne-sverdrup-thygeson/

Jorda er heim for kanskje så mange som ni millionar artar, inkludert menneska. Kvifor finst så mange av dei, kva gjer dei, og kva skjer når menneska tek over stadig større delar av områda deira?

Mangfald er bra. Kulturelt mangfald, religiøst mangfald, politisk mangfald – alt dette er teikn på ei moderne, dynamisk og tolerant verd. Kva så med det biologiske mangfaldet? Eit slikt mangfald er ikkje berre bra, men er sjølve grunnmuren og livsgrunnlaget for oss menneske: Det biologiske mangfaldet gjev oss mat, fiber, energi og medisinar. Det reinsar vatn, regulerer temperaturen og er naturen sitt eige vaktmeisterkompani. På kjøpet får vi rike naturopplevingar.

Samstundes er det overraskande mykje vi ikkje veit. Spørsmål som til dømes kvifor vi har ein så stor rikdom av ulike livsformer, samstundes som dei «sterkaste» av dei heile tida utkonkurrerer dei «svake», er eit paradoks biologar har grunna på sidan Darwins dagar.

Dei siste tiåra har dette brått blitt endå viktigare å forstå. Lenge har menneska teke gratistenestene frå naturen som sjølvsagde. Men i dag står menneska bak ei utrydding av artar i eit tempo som langt overgår ein naturleg utdøyingsrate, og som er med på å påverke det finurlege samspelet i naturen. Dess meir biologane kan seie om kva for konsekvensar dette har for overlevinga vår, velferda og utviklinga, dess større er sjansen for at vi kan endre åtferda vår, medan det enno er tid. Då er det også viktig at folk flest veit meir om biologisk mangfald, kva det er, og korleis det heng saman med ditt og mitt liv... (les videre)

Publisert - Oppdatert

Del på