Sæmund skal forske på grunnerverv

–  Viss du er opptatt av eigedomsfaget, så vil du være nær dei som er flinkast i det, og då er NMBU den beste staden å være, seier Sæmund Stokstad
– Viss du er opptatt av eigedomsfaget, så vil du være nær dei som er flinkast i det, og då er NMBU den beste staden å være, seier Sæmund StokstadFoto: Morten Ellingsen

Sæmund Stokstad (31) brenn for eigedomsfaget, forhandlingar og minnelege avtalar. No skal han skrive doktorgrad om forhandlingar ved grunnerverv.

– Eg har jobba mykje med å få folk til å bli einige med kvarandre. Det er liksom best når folk kjem til minnelege avtalar. Då føler folk seg høyrt, forstått og sett. Ja, eg har nok ein indre meklar i meg. Det er nok derfor eg har lyst til å forske nærmare på dette, seier Sæmund Stokstad frå Aurland.  

Om ikkje mange minuttane skal ha ta det første ordentlege steget på den lange vegen mot doktorgraden. Før første gong skal omverden få høyre meir om Sæmund sitt komande bidrag til akademia.

Utanfor vindauget på NMBU, Universitetet på Ås - der Sæmund jobbar som doktorgradsstipendiat -piskar vinterstormen regnet sidelengs, men inne er stemninga god. Her sit forskarar og kollegaer, andre doktorgradsstipendiatar, rettleiar og opponent og er spente på kva Sæmund skal presentere.

No byrjar alvoret

Sjølv er han både spent og glad og nervøs. Eller, han er vel eigentleg ikkje så veldig nervøs. Det einaste han er nervøs for er om han ikkje burde vere meir nervøs. Vel, det får breste eller bære.
–  No byrjar alvoret, Sæmund. Du får berre setje i gang, seier instituttleiar Nikolai Winge, og overlèt ordet til stipendiat Stokstad.

– Eg skal skrive om grunnervervsforhandlingar. Grunnerverv er når ein skaffar seg råderett over eit areal, og eg skal forske på kva som skjer i slike prosessar. Vert det forhandla mellom dei som vil erverve og dei som må gi frå seg eigedom?  Og kva er det som kjenneteiknar ei slik forhandling? Eg vil prøve å definere og skildre prosessen som går føre seg før ein kjem til ein såkalla minneleg avtale, seier Sæmund og går igjennom prosjektplanane sine.

Presentasjonen går bra og stemninga er god, men så…
–  Ja, også er det ein viktig føresetnad for avhandlinga mi at grunnervervet må skje under trugsel om oreigning, seier Sæmund.

Vent. Oreigning? Kva betyr det? Mobilane flyg fram. Sjølv opponenten frå Bergen må google seg fram til kva oreigning tyder. Ekspropriasjon, seier google, og alle pustar letta ut. Vi er på same planet igjen.

Held på målet

Sæmund er ikkje redd for å bruke dialekt, sjølv om han bur på tjukkaste austlandet. Han snakkar tydeleg aurlandsdialekt, og er stolt av det. Sjølv om han har budd i både Bergen, Tromsø og no Skullerud i Oslo har han jobba hardt for å halde på målet, blant anna gjennom aktivt medlemsskap i mållaget.

Presentasjonen går bra, og Sæmund kan no begynne prosessen med doktorgradsavhandlinga for alvor. Fram til den planlagde disputasen i mars 2020 skal han grave seg ned i detaljane og verkeleg dyrke eigedomsfaget og forhandlingspraksis. Det skal skrivas og lesast og forelesast og debatterast og tenkast.

Det kan bli intense dagar, men Sæmund er opptatt av å ikkje gløyme å prioritere tid med kona Guro frå Lærdal og den vesle dottera deira.
– Det er jo nesten litt egoistisk å jobbe med dette. Det kan bli mange detaljar og tankar, så det blir viktig at eg ikkje berre er heime, men at eg også er mentalt til stades og koplar ordentleg av. Så langt har det gått bra, seier Sæmund.

Vil jobbe med dei beste

Så kva er det som motiverer nokon til å gje seg i veg med eit såpass intenst studium av eit såpass avgrensa tema? Det handlar mykje om å brenne for faget.

–  Viss du er opptatt av eigedomsfaget, så vil du være nær dei som er flinkast i det, og då er NMBU den beste staden å være, seier Sæmund.

I tillegg til ynskje om ei forskarutdanning og akademisk utvikling, så vonar han også at akademia og resten samfunnet skal få god nytte av jobben han no skal gjere.

–  Avhandlinga er veldig detaljorientert og kanskje på eit nivå som er lite tilgjengeleg for allmenta, men eg er også oppteken av å formidle kunnskap på eit folkeleg og praktisk nivå, slik at heile samfunnet får ta del i det vi jobbar med her på Ås, seier Sæmund.

Publisert - Oppdatert

Del på