Store mogelegheiter i Geirangerfjorden verdsarvområde

  • Studentane fekk møte ei engasjert lokalbefolkning og dyktige fagfolk som var villige til å dele av sine kunnskapar, relasjonar og verdiar knytt til dette internasjonalt anerkjente fjordlandskapet.

    Studentane fekk møte ei engasjert lokalbefolkning og dyktige fagfolk som var villige til å dele av sine kunnskapar, relasjonar og verdiar knytt til dette internasjonalt anerkjente fjordlandskapet.

    Foto
    Voyagerix/Shutterstock

I fjor reiste 34 NMBU-studentar til Stranda og Norddal kommunar for å studere strategisk landskapsplanlegging i verdsarvområdet. Resultatet er ei real gåvepakke for dei som ynskjer å vidareutvikle dette spennande fjordlandskapet. Les studentane sine tankar om framtida her.

Store mogelegheiter i Geirangerfjorden verdsarvområde

Studentane i på masterkurset «Strategisk landskapsplanlegging» reiser kvart år til eit område i Noreg for å studere sentrale problemstillingar knytt til bruk, forvalting og utvikling av stadlege landskapsressursar. I fjor haust valde dei Geirangerfjorden verdsarvområde, med kommunane Stranda og Norddal som studieområde. Det skulle dei ikkje angre på.

Fekk møte engasjert lokalbefolkning og dyktige fagfolk

– Dette var eit eventyrleg godt val av stad. Studentane fekk møte ei engasjert lokalbefolkning og dyktige fagfolk som var villige til å dele av sine kunnskapar, relasjonar og verdiar knytt til dette internasjonalt anerkjente fjordlandskapet, seier dei kursansvarlege; Morten Clemetsen, Knut Bjørn Stokke og Kristin Marie Berg frå Institutt for landskapsarkitektur på NMBU.

– Mykje av læringsutbyttet for studentane skuldast at mange personar frå kommunane, organisasjonar og næringsliv lokalt, var til stor hjelp i førebuing og gjennomføring av feltarbeidet. Så ein stor takk frå oss til dei alle, seier dei vidare.

Mykje arbeid med rapportene

Studentane som reiste til Geiranger kjem frå ulike fagretningar på universitetet, så oppgåvene representerer en stor fagleg bredde med utgangspunkt i landskapsarkitektur, by- og regionplanlegging og naturbasert reiseliv. No er alle studentoppgåvene samla i ein felles rapport, og her kan interesserte lese om muligheitene som ligger i området, enten man ynskjer å lese meir om Geirangerregionen i et samferdsels- og reiselivsperspektiv, korleis innbyggjarane i framtidsbygda Norddal kan samarbeide for å bli en meir tiltrekkjande bustadkommune, korleis samarbeid om kortreist mat frå landbruket og kulturopplevingar frå reiselivet kan vidareutvikle Eidsdal som ein attraktivt stad, om fjordgardane i dag og i framtida eller om vern bør sjåast på som ei ressurs eller avgrensing.

– Studentane vitja området i en veke, og jobba så aktivt med prosjekta sine i to månadar, så her ligg det mykje arbeid bak, seier dei kursansvarlege og har ei klar oppfordring:

– Følg lenka under, så kan du lese studentane sine fagrapporter.

Published 7. February 2017 - 14:02 - Updated 22. august 2017 - 10:04