Kronikk: Det hjelper lite om skattereglane i teorien er gode dersom ingen forstår dei

Briller
BrillerFoto: Pixabay

“Skattesystemets verknad på økonomien avheng av korleis folk faktisk oppfattar og tilpassar seg reglane, ikkje av korleis teorimodellar seier at folk burde oppføre seg,” skriv Annette Alstadsæter i Dagens Næringsliv.

Ein kjend studie av Raj Chetty og kollegaer viser korleis salet i ein butikk går ned når skatten er synleg og inkludert på prislappen, samanlikna med når skatten først blir lagt til i kassen. Slik (mangel på) synlighet av reglar eller skattar er døme på ein friksjon, nemleg faktorar som kan forklare kvifor økonomanes teorimodellar med strenge antakingar ikkje nødvendigvis held i praksis.

At enkeltindivid ikkje opptrer så rasjonelt som teorimodellane predikerer, er inga overrasking. Dersom ein skal klare å unngå utilsikta effektar er det viktig å ta omsyn til svakheitene i dei klassiske teoriane i utforminga av ny politikk.

Nyare forsking innan åtferdsøkonomi har bidratt til å avdekke systematiske avvik frå de tradisjonelle teoriane. Denne innsikta er verdifull når ein vil prøve å forutsjå verknaden av ulike reglar, og bør få betydning for politikkutforming. Det hjelper ikkje at ein regel er nøytral på papiret, dersom den faktisk innførte regelen likevel skaper vridingar på grunn av friksjonar.

Les heile artikkelen her

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på