Kronikk: Ulikhetsdebatt på feil spor

SSB
SSBFoto: Shutterstock

Ulikhetsdebatten bygger for ofte på feil premiss. SSB må fjerne usynlighetskappa som holdingselskapa nå legg rundt dei offisielle ulikhetsmåla, skriv Annette Alstadsæter.

Måla på ulikhet i samfunnet blir diverre ikkje betre enn tala dei bygger på, skriv professor Annette Alstadsæter i ein kronikk i Dagens Næringsliv 1. september. I dag gjev tala i Statistisk sentralbyrås (SSBs) offisielle inntektsstatistikk eit skeivt bilete av kor mye dei rikaste faktisk tener, fordi den ser bort frå mesteparten av deira faktiske inntekt.

Det er fort å gløyme at SSB sine inntektsdata stort sett kjem frå Skatteetaten og er samla inn til skatteformål. Dermed påverkast tala når folk tilpassar åtferd og rapportering gjennom tilpassingar til skatt og skatteendringar. Aller mest krøll lagar tilpassingar til aksjonærmodellen og fritaksmodellen.

I tillegg til skjermingsfrådraget i aksjonærmodellen, er det også andre måtar å lovleg og ulovleg ta ut oppspart eigenkapital i selskapa på, som konsum i selskapet eller med private lån med sikkerhet i kapitalen i selskapet. Fritaksmodellen har ført til massiv bruk av holdingselskap som sparebøsser for å utsette og omgå utbytteskatten. Og dette fører også til at denne inntekta då ikkje blir tatt med i ulikhetsberekningane før den er realisert, altså utbetalt frå selskap til eigar, noko som kan føre til at den observerte inntektsandelen til dei aller rikaste blir kunstig låg.

Dette er eit kjent problem for ulikhetsmåling som også diskuterast internasjonalt, men som det i dei fleste land er vanskelig å korrigere når ein ikkje har gode data på kven som faktisk eig selskapa. Men i Norge kan vi gjere noko med dette.  

SSB har data og kompetanse til å kompensere for dette. Norges unike aksjonærregister gjer at ein kan tilordne opptent, men ikkje utdelt, overskudd i selskapet løpande til den personlege eigaren og dermed fjerne den usynlighetskappa som holdingselskapa kastar over dagens offisielle mål på ulikhet.

Les heile kronikken her.

Annette Alstadsæter skreiv også i 2016 saman med Kjetil Telle ein kronikk om korleis aksjonærmodellen øydelegg for målinga av ulikhet.

Begge kronikkane bygger på forskingsartikkelen «Accounting for Business Income in Measuring Top Income Shares: Integrated Accrual Approach Using Individual and Firm Data from Norway» frå 2016, som er eit felles arbeid av Annette Alstadsæter, Martin Jacob, Wojciech Kopczuk og Kjetil Telle og som er tilgjengeleg som NBER Working Paper No. 2288.

Fakta

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på