Samarbeid mot hemmelighald

Av Annette Alstadsæter

.
.Foto: Shutterstock

Norge må presse på for å endre internasjonale avtalar som står i veien for ny kunnskap om skatteunndragelse.

På same måte som trolla sprekk i sola, er offentlighetens lys essensielt for å bekjempe skatteunndragelse, kvitvasking og korrupsjon som skjer under skatteparadisas usynlighetskapper

Ny kunnskap, stor mediedekning og folkeleg indignasjon har vore med å sette desse problemstillingane på politikaranes dagsorden og bidratt til press om auka internasjonalt samarbeid.

Dei siste åra har det skjedd store framskritt med internasjonale avtalar som skal gjere det vanskelegare å gøyme pengar i utlandet. Dette arbeidet har særleg skjedd innan OECDs Global Forum, som denne veka samlast i Paris for å feire 10-års jubileum

Men når det gjeld kunnskap og åpenhet er dette avtaleverket eit tilbakeskritt og kan vere til hinder for det vidare arbeidet mot bankhemmeleghald og bruk av skatteparadis.

Norge kan og må presse på at slike internasjonale avtalar åpnar opp for effektiv bruk av denne informasjonen for forsking, slik at det er mogleg å både evaluere om det er reell informasjonsutveksling og kva effektane er.

Global Forum er eit utvida samarbeidsorgan med 158 medlemsland som jobbar for meir finansiell åpenhet. Eit viktig bidrag frå Global Forum er Common Reporting Standard (CRS), som er eit  avtaleverk for automatisk utveksling av skatteinformasjon.

I 2017 starta land innan Global Forum med automatisk informasjonsutveksling mellom skatteetatane. Nå er det over 100 land som samlar inn informasjon om utlendingars finansielle eigedelar frå eige lands finansinstitusjonar og sender denne informasjonen til personanes heimland (dersom landet er med på avtalen). Utvekslinga skjer direkte mellom dei to landas skatteadministrasjonar, som i sin tur har mottatt informasjon om faktisk eigar til kontoar frå landas finansinstitusjonar til dette formålet.

Kva er så nytten av dette? I 2018 vart informasjon om nærare 50 millionar kontoar utveksla innan Global Forum. Men sjølve talet på utveksla kontoar er irrelevant dersom dette ikkje fører til at det blir mindre skatteunndragelse.

Det er ingen vits å bruke ressursar på å sende masse data fram og tilbake dersom dei er på eit format som ikkje kan brukast av mottakaren, eller dersom ikkje alle data blir sende. For det er ei stor investering for både avsendar- og mottakarland å få dette systemet opp og gå.

Det er per i dag uklart korleis OECD skal kunne avdekke eventuelle avvik i rapporteringa. Det er heller ikkje klart om det blir reelle konsekvensar for land som rapporterer mangelfullt.

Forskarar og journalistar gjer ein stor innsats ved å sette saman informasjon på nye måtar og bruke kjelder som ikkje alltid er tilgjengelege for skattemyndighetene til å dokumentere omfang, struktur, og konsekvensar av bruken av skatteparadisas hemmeleghaldstenester. Ofte har dette skjedd i godt samarbeid med skattemyndighetene.

Men CRS-avtaleverket nektar eksplisitt for deling av informasjon utanfor skattemyndighetene som mottar dataene, og forskarar får ikkje tilgang til data i nokon som helst form. Finansdepartementets gjeldande tolking av regelverket er så streng at Skatteetaten ikkje ein gong kan opplyse om totalt antal kontoar som er utveksla per land.

Dette er til hinder for kvalitetskontroll og hindrar det vidare arbeidet mot skadeleg bruk av skatteparadis. Det gjer også at det blir vanskeleg å evaluere kva effektane av reint faktisk CRS er, utover fine festtalar

Internasjonalt samarbeid er viktig og steg i riktig retning for å bekjempe skjulte eigarskap, transaksjonar, og eigedelar. Men konsensusbaserte internasjonale avtalar vil som regel ende opp som eit minste felles multiplum, for å få flest mogleg land til å signere.

Det er derfor viktig at Norge i tillegg jobbar med nasjonale og bilaterale løysingar for meir informasjonsutveksling og samarbeid over landegrensene.

Det er også viktig å få meir informasjon om nordmenns realformuer i utlandet, som eigedom, bilar, båtar, gull, kunst og fly. Dette er nemleg ikkje er omfatta av utvekslinga av finansiell informasjon under CRS.

Som nylege oppslag i Dagbladet (om Dubai) og VG (om Pakistan) viser er det framleis mogleg å gøyme store eigedomsverdiar i utlandet, tilsynelatande godt skjult for både skattemyndigheter og politi.

Fakta

Denne teksten blei først publisert som kommentar av Skatteforsk's professor Annette Alstadsæter i Dagens Næringsliv, 25.november 2019.

Abonner på nyheter fra Skatteforsk ved å melde deg på her.

Publisert - Oppdatert

Del på