Høgtflygande gebyr under radaren

Av Annette Alstadsæter

   Gebyr
GebyrFoto: Schutterstock

Samanliknbare totalprisar kan gjere det vanskelegare for flyselskapa å samle inn ekstragebyr frå kundane.

Einar Førde skal ha sagt at «det å finne på lure avgifter som folk ikkje veit at dei betaler, det er en fin del av politikarlivet». Det er ikkje berre politikarar som finn på lure avgifter og gebyr. Flyselskap gjer det også.

Flyselskap kan velte meir av skattebyrden over på kunden når skattar og avgifter ikkje er inkluderte i annonsert pris. Dette viser dei amerikanske forskarane Sebastian Bradley og Naomi Feldman i ny forsking.

Når totalprisen er skjult kan kundane bli fanga av latskap; har ein først gått gjennom heile bestillingsrutinen fram til betaling skal det ein del til for å avbryte og starte på nytt, sjølv om sluttprisen kan vere lågare i eit anna alternativ.

USA innførte i 2012 regel om at flyselskap skal annonsere billettprisar inkludert skatt og avgifter (men ikkje selskapsspesifikke gebyr).

Bradley og Feldman analyserer prisstrukturar på internasjonale flygingar før og etter denne regelendringa, mellom USA og dei mest trafikkerte destinasjonane utanfor USA. Dei finn at før regelendringa så vart stort sett heile skattane velta over på kundane, medan kun ein fjerdedel av skattane blei velta over på flypassasjerane etter.

Skatt og avgifter varierer mellom land og flyplassar slik at totalprisen på ei strekning vil avhenge av rutevalet. Bradley og Feldman viser at når flyselskapa opplyser totalpris inklusive skatt i annonserte prisar så velger passasjerane bort dei dyraste flyplassane – som Heathrow –og går for ruter med lågare skatt. Etter regelendringa gjekk etterspurnaden på ei rute ned med fire prosent for kvar femte dollar skatten auka med, samanlikna med konkurrerande ruter.

Også i Norge blir prisane annonserte inklusive skattar og avgifter, men eksklusive gebyr. Ulike flyselskap har ulik grad av gebyr for tilval. Mange av disse tilvala blir framstilte som ekstratenester, men er i realiteten basistenester dei fleste ønsker på lengre flygingar. Dette gjer det nesten umulig å samanlikne flyprisar mellom selskap.

På reise førre veke testa eg prisstrukturen på same direkte strekning tur/retur Gardermoen på same tilfeldig valde dag for SAS og Norwegian, utført frå Finland, Sverige og Norge, og via både dei norske og svenske heimesidene til SAS og Norwegian. For å prøve unngå prisdiskriminering på grunn av søkehistorikk blei søka gjort i inkognito-modus i søkemotoren.

Denne hastig utførte (må jo rekke flyet) og ikkje nødvendigvis representative testen viste at:

  • Norwegian hadde opptil 28 prosent lågare annonsert pris enn SAS.
  • Ved å inkludere tilval som seteval, måltid, og sende bagasje auka prisen med opptil 48 prosent hos Norwegian og nærma seg SAS-prisane der dette var inkludert. I eitt tilfelle vart Norwegians totalpris til og med 13 prosent dyrare enn tilsvarande SAS-pris. Prisauken var størst på utanlandsruta. Innanlands er det færre tilval utover bestillingsprosessen og Norwegian hadde framleis over ti prosent lågare totalpris enn SAS.
  • Norwegian tar eit godt gøymt kredittkortgebyr. Dette varierer mellom type kort og land, med høgast grad av gebyr i Norge. Der er gebyret på to prosent av totalprisen ved bruk av private kredittkort og tre prosent ved bruk av jobbens kredittkort. Men null gebyr ved bruk av Bank Norwegian Visa. Gebyret i kroner er ikkje synlig i prisoversikten når ein går til betaling, slik at endelig totalpris nok ikkje kjem fram før på bankutskrifta.
  • Det ser ut til å løne seg å late som ein er utlending; same flyging er gjennomgåande billigare på SAS.se og Norwegian.se samanlikna med dei norske nettsidene, og prisen varierer også etter kva land ein går inn på sidene frå.

Men dei som verkeleg lurer kundane med låge annonserte prisar og stor prisauke gjennom bestillingsprosessen fram til endelig pris er søkemotorane, som tidligare dokumentert av Dagbladet.

Vi lærer frå forskinga at det er vanskeligare for selskapa å velte gebyr over på kundane når prisstrukturen er meir transparent.

Både i kreditt- og bustadmarknadene er det reglar for prisannonsering for å fremje prissamanlikning. Tilsvarande kan ein tenke seg at totalprisen for ei flyging skal annonserast inkludert eit gitt sett av tilval som er likt for alle flyselskapa, slik at prisane blir samanliknbare. Så kan heller selskapa åpne opp for å velge bort eller legge til diverse reelt valfrie serviceelement i neste steg.

I eit miljøperspektiv er det ugunstig at flyreiser framstår som billigare enn dei i realiteten er, då dette reduserer attraktiviteten til meir miljøvennlege alternativ og kan «lure» folk til å fly.

Denne teksten blei publisert som kommentar i Dagens Næringsliv, 4.september 2018.

Fakta

Forskinga:

Bradley, Sebastian og Naomi E. Feldman (2018):

Hidden baggage: Behavioral responses to changes in airline ticket tax disclosure. 

SSRN working paper, 1.juli 2018.

Publisert - Oppdatert

Del på