Sukkeravgift og brysame tollgrenser

Av Annette Alstadsæter

Pakker
PakkerFoto: Shutterstock

Svigerfars brysame genser viser at fjerning av fribeløpet ved varekjøp frå utlandet kan bli utfordrande i praksis. 

I fjor ville eg overraske svigerfar med å erstatte hans tynnslitte yndlingsgenser til jul. Det viste seg å bli vanskeleg, men eg fann den til slutt i ein utanlandsk nettbutikk. Prisen var over den toll- og avgiftsfrie grensa på 350 kroner som eg tidligare har haldt meg innanfor, i frykt for administrativt stress ved fortolling. Kor vanskelig kan det vere, tenkte eg, og klikka på kjøp. Akk, kor feil ein kan ta.

Avisene melder om avgiftsomgåing satt i system og storstilt import av brus og godteri, særlig frå Sverige, via nettbutikkar som tilbyr pakkeløysingar under 350-kroners grensa.

Dette har blitt aktualisert etter at sukkeravgifta gjekk kraftig opp ved nyttår. Trass stor motstand frå bransjen og kritikk mot sjølve utforminga av sukkeravgifta har ikkje regjeringa gjort endringar i revidert statsbudsjett som nett vart lagt fram.

Om denne brus- og snopimporten faktisk fortrenger kjøp i norske butikkar eller om auka fokus på billigare prisar i Sverige og enkel og skreddarsydd import via nettbutikkar fører til auka totalforbruk av godteri og brus er eit empirisk spørsmål.

Den offentlege debatten bygger på ei antaking om det første, nemleg at denne systematisk utnyttinga av tollgrense-smuttholet fortrenger handel i Norge og truar norske arbeidsplassar. Produsentar har også gått ut og varsla permitteringar som følgje av den auka sukkeravgifta.

Det er ikkje overraskande at auka sukkeravgift og dermed auka pris skulle føre til mindre konsum av sukkervarer; det er eit av måla med ei slik avgiftsauke.

Men så langt eg kan sjå, finst det ingen tal for total omsetning av sukkervarer og effekt av auka sukkeravgift ved nyttår. SSB publiserer aggregerte tal for handel med sukkervarer i butikk og engros, men dei første tala for 2018 kjem først i juni.

Eg har fått månadsvise omsetningstal på smågodt og sukkervarer frå Coop og Norgesgruppen. Her ser det ikkje ut som om salet av smågodt og sukkervarer målt i kilo har gått særleg ned etter auking i sukkeravgifta. Lågpriskampanjar på brus og smågodt gjer at ein ikkje direkte kan samanlikne omsetning mellom periodar. Det må meir analyse på meir detaljerte data til for å seie kva effekten av auka sukkeravgift er på salet.  

KrF og NHO er blant dei som argumenter for å fjerne fribeløpet og innføre toll og avgifter frå første krone for å beskytte norske arbeidsplassar. Ein skulle tru at dette er relativt rett fram å gjere, men utan strukturelle endringar vil dette kunne skape uønska effektar.

La oss gå tilbake til svigerfars genser og kva eg lærte i denne prosessen. I prinsippet skal transportør fortolla varene og sende rekning til mottakar, men det skjedde ikkje. Faktisk verdi var klart merka utanpå pakken, så ein kjent svindelmetode var ikkje brukt her, nemleg å oppgje falskt låg verdi på tolldeklarasjonen. Ei anna mogleg forklaring er kapasitetsproblem hos transportøren og at mange pakkar rett før jul gjorde at pakken ikkje blei fortolla.

Men det er likevel eg som kjøpar som er ansvarleg for fortollinga, sjølv om transportøren ikkje gjer jobben sin.

I slutten av april fann eg ut at eg hadde venta lenge nok på mogleg etterfaktura for tollbehandling frå transportør og ville då fortolle vara sjølv på toll.no. Etter å ha registrert meg online og venta halvanna veke på kode tilsendt per post kunne eg endelig fortolle genseren online og avslutte saka, eit halvt år etter kjøpet. Medrekna tidsbruken min fikk svigerfar i fjor tidanes dyraste julegave.  

Toll- og avgiftsplikt for alle varer frå utlandet, frå første krone, vil dramatisk auke antalet pakkar som skal fortollast. Små summar til fortolling kan likevel krevje stor innsats for den enkelte av oss. Då er det fristande å bare la vere, fordi det er så mykje styr, og ikkje nødvendigvis på grunn av sjølve summen som skal betalast.

Sjå også meir info om tilsvarande praktiske vanskar frå Sverige som kom veka etter at denne teksten gikk i trykk i DN.

Alle verdas varer er bare eit tastetrykk unna. Med det store antalet pakkar som kvar dag strøymer til Norge er det i praksis umogleg å sjekke at alle pakkar er korrekt fortolla. Det vil då kunne vere ganske risikofritt å la vere å fortolle vara sjølv dersom ikkje transportøren gjer det. Då har vi den situasjonen at byråkratisk plunder kan gjere mange av oss til skattesnytarar.

Så før tollgrensa fjernast må det vere på plass eit enkelt og fungerande system for storskala fortolling av små summar. Og dette må gjerast kjent og lett tilgjengeleg for folk.  

Ein ting er i alle fall sikkert: I år får svigerfar ei bok til jul.

Denne teksten blei publisert som kommentar i Dagens Næringsliv, 28.mai 2018.

Publisert - Oppdatert

Del på