ILP/CLTS seminar: Utmarksbruk i Verran

23. april ble det arrangert ILP/CLTS seminar der Anne S. Haugset (TFoU) presenterte starten på ei gransking av utmarksbruken i Verran.

Ilpclts seminar utmarksbruk i verran

Her finner du presentasjonen: Sedvane i bruk av utmark i Verran.

Anne Sigrid Haugset, seniorrdgiver/forskningformidler, Cand.polit. konomisk sosiologi.<br />
Anne Sigrid Haugset, seniorrådgiver/forskningformidler, Cand.polit. økonomisk sosiologi.
Photo: Trøndelag Forskning og Utvikling AS


Granskinga ser spesielt på relasjonen mellom folk sine oppfatningar av jaktrettar i Follafoss privatallmenning, men granskinga vil også sjå meir generelt på korleis ulike grupper brukar og oppfattar utmarka og naturen, og kva dei oppfattar som sine rettar osv i området.

Utgangspunktet er gamle Follafoss allmenning og kva som er vanleg oppfatning om bygdefolk sine rettar her.

Follafoss og Fergeli vart selt frå staten til private eigarar i 1801. Men vart fort skilt i to einingar. Etter språkbruken introdusert i 1857 lova vart dei privatallmenningar. Follafoss har vore gjennom fleire sal og særleg retten til hogst har vore handsama i retten fleire gonger.

I Norsk Retstidene 1937 er Follafoss oppe i Høgsterett (Rt. 1937 s, 158). Høgsterett fant at almuen ikkje hadde allmenningsrett til hogst, men derimot allmenningsrett til dei setrene som var opptatt i gammal tid av visse bestemte gardar i herredet, og til jakt og fiske.

Det siste punktet er interessant. Det synest ikkje allment kjent mellom bygdefolk at Høgsterett har slått fast at jakt og fiske er ein allmenningsrett. Vi ønskjer å finne status for kva folk meiner for seinare å vurdere kva prosessar som kan bidra til endringar i rettsoppfatningane.

Granskinga er eit samarbeid med Anne Sigrid Haugset ved Trøndelag Forskning og Utredning i Steinkjer, og er ei vidareføring av Haugset si masteroppgåve ved NTNU i 2011

Verran kommune.
Verran kommune. Photo: Verran kommune
Published 4. juli 2014 - 12:22 - Updated 3. januar 2018 - 12:27