Skattetilpassing smittar

Av Annette Alstadsæter

familienettverk
familienettverkFoto: Shutterstock

Ny forsking viser at fleire deltar i skatteplanlegging dersom andre i familien også gjer det. Nettverk aukar kunnskap og endrar normer, noko som kan føre til auka deltaking i skatteplanlegging.

Skatteforsks Annette Alstadsæter, Kjetil Telle, og Wojciech Kopczuk har nå ute eitt nytt working paper på NBER.org i Boston: “Social networks and tax avoidance: Evidence from a well-defined Norwegian tax shelter”. Artikkelen kjem også som diskusjonsnotat på ssb.no.

I 2005 brukte mange aksjonærar ein lovleg overgangsregel og overførte aksjane sine til nystifta holdingselskap for å utsette skattlegginga av kapitalgevinstar og utbytte som elles ville vore skattepliktige etter skattereformen i 2006. Men ikkje alle aksjonærane nytta seg likevel av denne muligheten. 

Ved hjelp av administrative data studerer forskerane familienettverk av aksjonærar og viser korleis opprettinga av slike skattely sprer seg. Dersom nokon i nettverket opprettar eit holdingselskap, aukar det andre familiemedlemmers tilbøyelighet til å gjere det same. Nettverk aukar kunnskap og endrar normer, noko som kan føre til auka deltaking i skatteplanlegging.

Publisert - Oppdatert

Del på