Ektefolk til karrieren skiller oss ad?

Av Annette Alstadsæter

 mann gjør oppvask
mann gjør oppvaskFoto: Shutterstock

Suksess har sin pris – i alle fall kvinners suksess. Eit karrierehopp for kvinner doblar sjansen for skilsmisse.

Parforhold er kompliserte greier. Under studietida mi ved NHH spøkte mannlege medstudentar med at dei ikkje ville finne seg en annen siviløkonom. Sjølvsagt til ein viss frustrasjon blant (enkelte) kvinnelege studentar. Sjukepleiarar og lærarar var populære yrke for potensielle koner i desse høgst uformelle diskusjonane, då dei utdanningane blei sett på som fleksible og kunne passa godt med framtidig familieliv. Noko som var tiltalande for ambisiøse siviløkonomstudentar.

Ny forsking kan tyde på at NHH-gutta var inne på noko, i alle fall dersom dei ønska at det var eigen karriere som skulle stå i fokus.

Det svenske forskarparet Olle Folke og Johanna Rickne viser i ein prisvinnande artikkel at kvinners suksess aukar sjansen for skilsmisse. Dette er ein ekstra kostnad for kvinner ved å gjere karriere.

Forskarane følger folk over 30 år og studerer eit spesifikt karrierehopp, nemlig det å bli ordførar eller å bli vald inn som representant til Riksdagen. Dette er jobbar som gir både høg prestisje og høg løn; lønsnivået til desse jobbane er blant topp fem prosent i Sverige. Det å vinne valet skulle vere ei kjelde til glede og feiring, for kandidaten og familien.

Når forskarane ser på alle som har stilt til val til desse jobbane over tid, kan dei samanlikne kva effekt karrierehoppet har på skilsmissesannsynet, ved å samanlikne med skilsmisseratene hos kandidatar som ikkje blei valde til desse toppjobbane.

Karrierehoppet har dramatisk effekt på dei kvinnelege politikaranes ekteskap; dei har dobbelt så stort sannsyn for å bli skilt som kvinner som ikkje fekk karrierehoppet.

Tilsvarande effektar finn forskarane også når dei studerer eit anna karrierehopp, nemlig det å bli forfremja til administrerande direktør i større selskap.

Nå er det slik at karrierehopp og økt lønn ikkje kjem gratis, og ein kan forvente at det inneber meir ansvar og overtid, noko som utvilsamt kan skape frustrasjonar og spenningar i travelt familieliv. Det er ingen grunn til at auken i arbeidsbelastning skal vere ulik for kvinners og menns karrierehopp. Men forskarane finn at det same karrierehoppet for menn ikkje har nokon effekt på sjansen for å bli skild. Då kan ein tenke at det er kjønnsrollene og ikkje arbeidsbelastinga som bidrar til skilsmisse.

Det ser også ut til at skilsmissene aukar dersom kvinna er hovudforsørgaren i hushaldet, målt ved å tene over 60 prosent av hushaldets totale inntekt. Så framleis, i likestilte Skandinavia, ser det ut som om at tradisjonelle kjønnsrollemønster om at det er mannen som skal tene mest heng igjen, og brot på slike mønster kan føre til friksjonar og mogleg skilsmisse.

Katrine Løken omtalte nyleg i fredagskronikken her i DN forskingsresultat som viste at kvinnelege MBA-studentar i USA med vilje underpresterer for ikkje å virke for ambisiøse og for dermed å ha større muligheit på ekteskapsmarknaden. Desse kvinnene tilpassar seg til at (amerikanske?) menn ikkje ønsker partnarar som er meir ambisiøse enn dei sjølv.

Er det då slik at ambisiøse kvinner bare kan velge bort ekteskap og familieliv først som sist? Nei, heldigvis ikkje.

Folke og Rickne ser nærare på kjenneteikn ved dei ulike svenske para og på om det er forskjell mellom meir eller mindre likestilte par, målt tidleg i parforholdet. Dei måler likestilling på to måtar: 1) mindre aldersforskjell mellom ektefellene, og 2) mannen tar ut minst 10 prosent av den totale fødselspermisjonen. Og dei finn at kvinners suksess ikkje ser ut til å føre til fleire skilsmisser i meir likestilte par.

Studien er basert på par som i snitt har vore gift i 20 år og personar som snitt er rundt 50 år gamle. Vi kan bare spekulere i om kjønnsroller og forventningar har endra seg over tid og om denne kjønnsforskjellen i prisen for suksess også er der når vi ein gong kan studere dei som i dag giftar seg.

Lærdomen frå denne studien er vel at kvinner som vil opp og fram bør velge ein partnar som deler på oppvasken.

Denne teksten blei først publisert som kommentar i Dagens Næringsliv, side 3, tirsdag 23. oktober 2018.

Fakta

Forskinga

Olle Folke og Johanna Rickne:
«All the Single Ladies: Job promotions and the durability of marriage».
IFN Working Paper No. 1146.

Publisert - Oppdatert

Del på