Derfor er det ikkje julegleder i butikken

Av Janne Karin Brodin

Juleglede eller julebegiona, som den også heter
Juleglede eller julebegiona, som den også heterFoto: Janne Karin Brodin

Julegleda er sjuk, og det tek så lang tid å bli frisk at ho ikkje rekk det innan jul.

Du har kanskje lagt merke til at den norske, rosa julegleda ikkje er i butikkane i år. Og om du trur du har funne ei, så har du nok ikkje det, for den du har funne er ein begonia med eit heit anna opphav. 

Det var på vårparten i år at planteforskarane på NMBU - Norges miljø- og biovitskaplege universitet fekk meldingar frå julegledeprodusentane, altså dei som lagar småplanter, om at dei såg at to sorter av den tradisjonelle norske julegleda, eller julebegonia som den og heiter, ikkje tedde seg og vaks slik dei skulle.

I gartneriar over heile landet finst det morplanter av julegleder som brukast til å formeire opp og produsere store mengder julegleder til jul. Hos menneske aukar smittefaren om vi oppheld oss mange saman. Sånn er det og for plantene i gartneria, og alle  planter som kjem inn i gartneriet kan vere en smitterisiko.

Planteimport utfordrar plantehelsa

Juleglede er ein skandinavisk kultur, og er ikkje så mykje brukt andre stader. Men begonia er ei artsrik slekt og finnest mange stader i verda. Og det har blitt meir vanleg å importere nye variantar av plantene frå heile verda.

─ Importerte planter, som kan ha med seg alt mogleg rart av sjukdommar, kan vere ei utfordring for plantehelsa, seier professor i plantevitskap ved NMBU, Trine Hvoslef-Eide.

I tillegg er juleglede klonformert, som så mange andre prydplanter og hagevekstar. Grunnen er at vi vil at avkommet skal vere heilt likt morplanta. Det fører til at eventuelle sjukdommar som morplanta smittast med, blir med til neste generasjon. Over nokon generasjonar hopar det seg opp.

Gir julestjerna ein «makeover»

Derfor var tida no inne til at julegledene får en skikkeleg «makeover» og blir reinsa for alle oppsamla sjukdommar. Og det skjer på NMBU i et prosjekt som heter Framavlsprosjektet. Det har gått føre seg sidan 1976, og kvart år er ymse plantesortar innom for å gå gjennom ein reinseprosess, etter ønskje frå gartneria.

─ Det som skjer på laboratoriet og i veksthuset på NMBU, er at vi først sett dei sjuke plantene i karantene. Så haustar vi vekstpunkt frå dei, ved å skjere i skotspissen, og etterpå sett vi dei på eit medium, sånn at dei kan vekse og bli til nye fiske planter.

Det høyrest kanskje enkelt ut, men dette er for spesialistar, og ikkje noko du kan gjere ved kjøkkenbordet.

Skotspissar blir nye friske planter

I planta er det ledningsbaner som går opp og ned som trikkeskinner. I ledningsbanane er det full trafikk. Vann og næring blir frakta opp i planta, og det som planten har produsert av organisk materiale, blir frakta nedover. Og i tillegg blir sjukdommar med straumen.  Men i toppen av planta er det et vekstpunkt, som du berre kan sjå med lupe. Og der er det ingen ledningsbaner med sjukdommar.

─ Om vi klarer å skjere lite nok til at vi ikkje får med dei ledningsbanane, så får vi ikkje med sjukdommar. Men vi må og ta så mykje at den vesle biten overlever. Og det er vi spesialistar på her på plantecellelaboratoriet på NMBU, seier Hvoslef-Eide.

Det er i spissen av skotet spesialistane på plantecellelaboratoriet hentar materialet som skal blir nye, friske julegleder
Det er i spissen av skotet spesialistane på plantecellelaboratoriet hentar materialet som skal blir nye, friske julegleder Foto: Janne Karin Brodin

Plantene frå skotspissane testast så på plantevernet på NIBIO, før prosessen med vidare oppformering av nye planter startar.

─ Vi har fått bekrefta at plantematerialet av julegleder som vi har er friskt, sånn at vi kan gå vidare med oppformeringa, seier Hvoslef-Eide.

Men denne prosessen tek tid. Og sjølv om plantene kom til NMBU i mai, så er ikkje dét tidsnok til å oppformere nok planter til desember. Dermed rauk denne sesongen.

Først må morplantene ha tid i veksthuset på NMBU til å bygge seg opp, slik at dei blir store nok til at ein kan hauste mange skotspissar til å skjere.

Oppal i petriskåler og reagensrør

Etter at skotspissar er henta ut, skjer produksjonen av nye planter i klima- og lysregulerte rom.

Ca åtte veker gamle skot spissar som snart kan flyttast over på rør. Desse kjem frå kvart sitt skot, og i starten er dei så små at ein nesten ikkje kan slå at det er noko på skåla.
Ca åtte veker gamle skot spissar som snart kan flyttast over på rør. Desse kjem frå kvart sitt skot, og i starten er dei så små at ein nesten ikkje kan slå at det er noko på skåla. Foto: Janne Karin Brodin

 Plantene blir overført frå skåler til rør for å haldast frå kvarandre, i tilfelle reinseprosessen ikkje er vellykka.

Overingeniør Pelle Mikkelsen har det daglege ansvaret for oppformeringa av reinsa planter i Framavlsprosjektet.  Frå eit rør blir det 30 planter.
Overingeniør Pelle Mikkelsen har det daglege ansvaret for oppformeringa av reinsa planter i Framavlsprosjektet. Frå eit rør blir det 30 planter. Foto: Janne Karin Brodin

Plantene blir så flytta over i boksar, 20 planter per boks. Der står dei i fire til seks veker. Ut av kvar plante i boksen blir det så produsert 40 planter.

Etter testing overførast dei friske plantene frå rør til større vevskulturboksar. Disse boksane egner seg fint til å transportere plantene tilbake til gartneria, som sett plantene i jord igjen.
Etter testing overførast dei friske plantene frå rør til større vevskulturboksar. Disse boksane egner seg fint til å transportere plantene tilbake til gartneria, som sett plantene i jord igjen. Foto: Janne Karin Brodin

Plantene står omtrent åtte veker på små skåler, så på røyr ein del veker fram til prøvesvaret om plantevevet er friske kjem. Så veks dei i omtrent åtte veker i vevskulturboksar før dei blir sendt ut til gartneria.

Strengt i framavlsveksthuset

I framavlsveksthuset kor friske planter av forskjellige slag lagrast, er det superstrengt. Der må ein skifte klede og sko, vaske hender og ta på frakk og gå gjennom eit desinfeksjonsbad. Og det er berre de som jobbar der som har tilgang.

─ Reglene er strenge fordi vi må beskytte plantene mot smitte. Etter pandemien, så skjønner jo folk mykje meir av dette med smitte og isolering.

Det er veldig mange år sidan julegleda sist var gjennom reinsing, og derfor har ikkje NMBU friske planter av juleglede på lager. Det kostar nemleg ganske mykje å halde planter i karantene.

─ Vi reinser planter kvart år, men vi berre det vi treng til ei kvar tid. Vi har nokre planter i reserve fordi vi veit at dei blir fort smitta igjen. Så lenge dei er i vevskultur av friskt materiale, held deg seg friske. Men morplanter av julegleder har gartnarane stort sett handtert på eigenhand, seier Hvoslef-Eide.

Julegleda er en krysning mellom ein kvit og ein rosa begonia

På attenhundretalet var det veldig mange ekspedisjonar rundt i verda, og botaniske, der målet var å ta med seg nye prydplanter til Europa og USA.

Nokon av dei endte opp på NMBU, eller den gang NLH. Foreldrane til julegleda er den kvite blomen Begonia dregei, som kjem frå Sør-Afrika, og den rosa som heiter Begonia socotrana. Den har større blomar enn julebegonia og litt annleis blad. Planta kjem frå øya Socotra som høyrer til Sør-Yemen. Dei vart første gong kryssa i Paris i 1891, og dette blei gjenteke på NLH nesten 100 år seinare.

Begonia dregei til venstre og Begonia socotrana til høyre er foreldrane til julegleda vår.
Begonia dregei til venstre og Begonia socotrana til høyre er foreldrane til julegleda vår. Foto: Janne Karin Brodin

Begonia er ei veldig artsrik slekt, de kan ofte kryssast med kvarandre. Det latinske namnet på juleglede inneheld ein x, Begonia x cheimantha, som tyder at det er ei krysning mellom to arter.

Julestjerna konkurrerte ut juleglede

Den rosa begoniaen vi har her på NMBU, er ei gjenskaping av krysninga, og avkommet er eit søsken av vår julebegonia.

─ Den laga vi for å sjå om vi kunne få til ein julebegonia som hadde betre haldbarheit og som kunne konkurrere med julestjernene, som på 80-tallet konkurrerte ut julebegonia.

Det var stor interesse hos gartnarane for å få ei juleglede med god haldbarheit som ikkje trong å bli sprøyta.

─ Vi var på jakt etter noko som kunne gå i handelen utan å bli sprøyta. Vi lagde denne etter å ha selektert blant over tusen frøplanter, seier Hvoslef-Eide

Planteprofessor Trine Hvoslef-Eide med foreldreplantene og søskenet til julestjerna. De blir tatt godt vare på i veksthuset på Senter for klimaregulert planteforsking, SKP på NMBU
Planteprofessor Trine Hvoslef-Eide med foreldreplantene og søskenet til julestjerna. De blir tatt godt vare på i veksthuset på Senter for klimaregulert planteforsking, SKP på NMBU Foto: Janne Karin Brodin

Neste år kan du kjøpe friske julegleder

─ Om vi skal produsere nok planter til det norske marknaden, altså nokre hundre tusen friske småplanter, så må vi ha nokre rundar med oppformering når vi startar med eit vekstpunkt.

De første boksane med småplanter sendes ut i januar, men då er jo jula over.

─ Hadde vi fått julegledene inn i framavlen tidsnok, så hadde vi hatt julegleder i år. Men neste år blir det fine og friske julegleder i butikkane, seier Hvoslef-Eide.

Publisert - Oppdatert

Del på