Detaljer om emnet MAST300

MAST300 Planlegging av masteroppgaven

English course Information

Søk etter andre emner

Viser emnet slik det undervises i studieåret med start i 2014 .

Emneansvarlige: Erling Berge, Nikolai Kristoffersen Winge
Studiepoeng: 5
Ansvarlig fakultet: Institutt for landskapsplanlegging
Frekvens: Årlig, haustsemester
Undervises på språk: NO
(NO=norsk, EN=Engelsk)
Begrensning antall plasser:
90
Undervises i periode:
Haustsemesteret
Første gang: Studieår 2009-2010
Fortrinnsrett: M-BYREG, M-EIE, M-EIEUTV, M-LA 
Emnets innhold:

Målet med kurset er å utarbeide ein plan for gjennomføring av eiga masteroppgåve (heretter kalla «MA-planen»).

Kurset skal gi ein brei oversikt over kva det vil seie å arbeide vitskapeleg, både teoretisk og metodisk. Kurset skal vidare introdusere etiske krav til forsking og tekniske krav til vitskapelege skrifter.

Til stønad for arbeidet med MA-planen, og seinare for gjennomføringa av MA oppgåva, skal det:

1) lesast eit pensum som skal gi oversikt over kva det vil seie å arbeide vitskapeleg,

2) presenterast ein introduksjon til etiske krav i forsking,

3) øvast i tekniske krav til akademisk skriving og

4) kritisk lesing av masteroppgåver med vurdering av korleis arbeidet er gjennomført ut frå teoretiske, metodologiske, etiske og tekniske krav.

Kurset har 2 obligatoriske øvingar.

A) Etter omlag 4 veker skal ein gruppevis leggje fram ein kritisk analyse av 2 MA-oppgåver (punkt 4 ovanfor). Det er krav om å vere til stades under alle presentasjonane. 

B) Etter omlag 8 veker skal det leverast ein leserapport for pensum. Leserapporten skal vere kortfatta med maksimum 800 ord, og den skal gi ein oversikt over kva pensum inneheld og kva for deler (om nokon) som har interesse for MA-oppgåver av den typen som skrivaren skal gjennomføre.

Dersom dei 2 obligatoriske øvingane er godkjent skal kandidaten etter omlag 12 veker levere ein MA-plan som sitt eksamensarbeid.

MA-planen skal innehalde

1. Ei drøfting av problemet eller temaet som skal granskast. Drøftinga skal vere retningsgjevande for metodiske framgangsmåtar i arbeidet med å svare på problemet eller greie ut om temaet.

2. Ei drøfting av etiske problem ein kan møte i arbeidet med ei MA oppgave som den planen omtalar.

3. Ei litteraturliste som demonstrere korrekt bruk av litteraturreferansar i høve til problemdrøftinga i punkt 1. 

4. Kopi av «Kontrakt mellom student(er) og veileder(e), inkludert prosjekt- og fremdriftsplan for gradsoppgaver». 

5. Kopi av meldeskjema til Personvernombodet for forsking dersom det på nokon måte skal samlast inn data frå identifiserbare personar (også indirekte identifiserbare). 

Læringsutbytte:

Kunnskap: Forståing av kor viktig teorigrunnlag og metodeval er. Oversikt over grunnleggande prinsipp for vitskapeleg arbeid. Forståing av prosessen i arbeidet med ei masteroppgåve: Planlegging, gjennomføring og akademisk skriving.

Ferdigheter: Trening i å legge opp ein plan for eige masterarbeid. Trening i skrivetekniske ferdigheter ofte brukt i vitskapeleg rapportering som t.d. bruk av litteratur, fotnotar, figurer, tabellar, osv.

Haldningar: Innsikt i etiske problem ein ofte møter i arbeidet med masteroppgåva, inklusiv personvern og bruk av kjelder.

Læringsaktiviteter:

Forelesninger

Seminar

Selvstudium

Læringsstøtte:
Faglig veiledning
Pensum:
Pensum vil bli gjort kjent på Fronter.
Forutsatte forkunnskaper:
Oppteken til MA nivå studium
Anbefalte forkunnskaper:
AOS240 eller tilsvarande (Sidan AOS240 ikkje er obligatorisk for alle gjer ein merksam på at AOS240 eller tilsvarande er ein føresetnad for å ta AOS340).
Obligatorisk aktivitet:

Kurset har 2 obligatoriske øvingar:

A) Etter omlag 4 veker skal ein gruppevis leggje fram ein kritisk analyse av 2 MA-oppgåver. Det er krav for alle gruppemendlemmer om å vere til stades under alle gruppepresentasjonane. 

B) Etter omlag 8 veker skal det leverast ein leserapport for pensum. Den skal baserast på sjølvstendig lesing av pensum. 

Vurderingsordning:

MA-planen blir lest og vurdert av sensor. Kriteria for å få bestått er

1) at MA-planen fyller dei formelle krava det er gjort greie for under "Emnets innhold",

2) at kandidaten demonstrerer innsikt i dei tekniske krava til vitskapeleg skriving og

3) at emneansvarleg og sensor trur MA-planen kan gi ei ferdig MA-oppgåve innan den gitte tidsramma. 

Sensor:
Sensor bedømmer innlevert arbeid. 
Merknader:
-
Normert arbeidsmengde:
Undervisningstid (forelesning gruppeøving, seminar ) ca 40 t. Individuelt studium (inkl. vegleiing): ca 110 t.
Opptakskrav:
Kvalifisert for å studere til MA grad
Overlapp:
-
Undervisningstid:
Forelesninger: ca 10 t, Gruppepresentasjoner: ca 10t over 2 dager, Seminar: ca 20 timer
Eksamensdetaljer: Langsgående vurdering: Bestått / Ikke bestått