Course code HFX207

HFX207 Innføring i husdyrbruk og akvakultur i utviklingsland

English course information

Søk etter andre emner

Viser emneinfo for studieåret 2016 - 2017.

Emneansvarlige: Lars Olav Eik, Lars Olav Eik
Studiepoeng: 5
Ansvarlig fakultet: Fakultet for biovitenskap
Frekvens: Årlig.
Undervises på språk: EN
(NO=norsk, EN=Engelsk)
Begrensning antall plasser:
Minimum 8 deltakere hvis emnet skal gis.
Undervises i periode:
Emnet starter i høstparallellen. Emnet har undervisning/vurdering i høstparallellen.
Første gang: Studieår 2004-2005
Fortrinnsrett: -
Emnets innhold:
Ei lærebok med omtale av ulike produksjonssystem, inkludert klima, avl og fôring vil bli tilrådd innkjøpt. I tillegg vil dei ulike forelesarane dela ut sine notat, og studentane kan kopiera semesteroppgåvene i kurset.
Læringsutbytte:
Målsetjinga med dette kurset er å gje studentane grunnleggjande kunnskap om viktige tropiske produksjonssystem for husdyr og fisk. Avl, fôring, kunnskap om førebyggande helsearbeid og stell vil bli undervist av spesialistar innanfor ulike felt. I tillegg til denne breiare kunnskapsformidlinga, vil studentane gjennom arbeidet med semesteroppgåva få meir detaljert kunnskap på eit smalare felt. Gjennom arbeidet med oppgåva vil studentane få erfaring i vitskaplege framstillingsmåtar, både skriftleg (på norsk eller engelsk) og muntleg (på engelsk). Etter kurset er studentane forventa å ha ei breiare forståing for tropiske produksjonssystem, inkludert kulturelle aspekt. I kurset vil studentane også få innsyn i ulike prosjekt i sør. Dette kan opna for masteroppgåver eller studieopphald i tilknyting til prosjekt eller samarbeidsinstitusjonar.
Læringsaktiviteter:
Forelesingane om ulike emne med diskusjonar og utdeling av førelesingsnotat er grunnleggjande for kurset og difor obligatoriske. Eksamineringa vil vera basert på semesteroppgåva og presentasjonen av denne i klassen.
Læringsstøtte:
-
Pensum:
Forelesingsnotat og semesteroppgåve for kopiering.
Forutsatte forkunnskaper:
Innføringsemne i husdyrvitenskap eller lignende
Anbefalte forkunnskaper:
-
Obligatorisk aktivitet:
Oppmøte på minst 80 % av forelesingane.
Vurderingsordning:
Evalueringa er basert på kvaliteten av 2 vurderingsenheter, semesteroppgåva (2/3) og presentasjonen (1/3). Semesteroppgåva skal skrivast på engelsk, og kan skrivast åleine eller i eit samarbeid mellom to studentar. Semesteroppgåve: Gjennom semesteret er det obligatorisk innlevering av 1) tittel og problemstilling, 2) samandrag og 3) ferdig semesteroppgåve.
Sensor:
Ekstern sensor er med både ved tilrettelegging av emnet og ved presentasjon/sensurering av semesteroppgåvene.
Normert arbeidsmengde:
150 timer
Opptakskrav:
Realfag
Overlapp:
-
Undervisningstid:
Omlag 70 forelesingar, presentasjon av semesteroppgåve (30 til 45 min. for kvar presentasjon).
Eksamensdetaljer: Langsgående vurdering: A - E / Ikke bestått