Detaljer om emnet HFX207

HFX207 Innføring i husdyrbruk og akvakultur i utviklingsland

English course Information

Søk etter andre emner

Viser emnet slik det undervises i studieåret med start i 2018 .

Emneansvarlige: Lars Olav Eik, Lars Olav Eik
Medvirkende: Tormod Ådnøy
Studiepoeng: 5
Ansvarlig fakultet: Fakultet for biovitenskap
Frekvens: Årlig.
Undervises på språk: EN
(NO=norsk, EN=Engelsk)
Begrensning antall plasser:
Minimum 8 deltakere hvis emnet skal gis.
Undervises i periode:
Emnet starter i høstparallellen. Emnet har undervisning/vurdering i høstparallellen.
Første gang: Studieår 2004-2005
Fortrinnsrett: -
Emnets innhold:
I tillegg til ulike førelesingsnotat vil eitt kompendium med omtale av ulike produksjonssystem, miljøfaktorar, rasar og avl, fôrslag og fôring og dyrestell vera basis for kurset. Gjennom førelesingar og diskusjonar vil forskarar og doktorgradsstudentar ved NMBU og andre institusjonar  fortelja frå arbeid i utviklingsland og dela kunnskap om forskingsdesign, metodar og publiseringsarbeid. I samarbeid med ¿NMBU Writing Centre¿ vil kursdeltakarane også skriva sin eigen vitskaplege rapport i eit emne dei er opptekne av. Studentane får høve til å diskutera med førelesarar frå ulike fagfelt om muligheiter for feltarbeid i sørlege land..
Læringsutbytte:
Målsetjinga med dette kurset er å gje studentane grunnleggjande kunnskap om viktige tropiske produksjonssystem for husdyr og fisk. Avl, fôring, kunnskap om førebyggande helsearbeid og stell vil bli undervist av spesialistar innanfor ulike felt. I tillegg til denne breiare kunnskapsformidlinga, vil studentane gjennom arbeidet med semesteroppgåva få meir detaljert kunnskap på eit smalare felt. Gjennom arbeidet med oppgåva vil studentane få erfaring i vitskaplege framstillingsmåtar, både skriftleg (på norsk eller engelsk) og muntleg (på engelsk). Etter kurset er studentane forventa å ha ei breiare forståing for tropiske produksjonssystem, inkludert kulturelle aspekt. I kurset vil studentane også få innsyn i ulike prosjekt i sør. Dette kan opna for masteroppgåver eller studieopphald i tilknyting til prosjekt eller samarbeidsinstitusjonar.
Læringsaktiviteter:
Forelesingane om ulike emne med diskusjonar og utdeling av førelesingsnotat er grunnleggjande for kurset og difor obligatoriske. Eksamineringa vil vera basert på semesteroppgåva og presentasjonen av denne i klassen.
Læringsstøtte:
-
Pensum:
Forelesingsnotat og semesteroppgåve vil vera ilgjengeleg på nettet.
Forutsatte forkunnskaper:
-
Anbefalte forkunnskaper:
Innføringsemne i husdyrvitenskap eller lignende
Obligatorisk aktivitet:
Oppmøte på minst 80 % av forelesingane.
Vurderingsordning:
Evalueringa er basert på kvaliteten av 2 vurderingsenheter, semesteroppgåva (2/3) og presentasjonen (1/3). Semesteroppgåva skal skrivast på engelsk, og kan skrivast åleine eller i eit samarbeid mellom to studentar. Semesteroppgåve: Gjennom semesteret er det obligatorisk innlevering av 1) tittel og problemstilling, 2) samandrag og 3) ferdig semesteroppgåve.
Sensor:
Ekstern sensor er med ved presentasjon/sensurering av semesteroppgåvene.
Normert arbeidsmengde:
150 timer
Opptakskrav:
-
Overlapp:
-
Undervisningstid:
Omlag 70 forelesingar, presentasjon av semesteroppgåve (15 til 20 min. for kvar presentasjon).
Eksamensdetaljer: Langsgående vurdering: A - E / Ikke bestått