Detaljer om emnet BIO247

BIO247 Matplantenes biologi og mangfold

English course Information

Søk etter andre emner

Viser emnet slik det undervises i studieåret med start i 2019 .

Emneansvarlige: Aasmund Bjørnstad
Studiepoeng: 5
Ansvarlig fakultet: Fakultet for biovitenskap
Frekvens: Årlig, vil ikke bli gitt hausten 2017
Undervises på språk: NO
(NO=norsk, EN=Engelsk)
Begrensning antall plasser:
Maksimum 20 studentar pr parti. Dersom det er større interesse, vil eit ekstra parti bli vurdert.
Undervises i periode:
 Emnet har undervisning/vurdering i haustparallellen. Neste gang haust 2018.
Første gang: Studieår 2016-2017
Fortrinnsrett: B-PV
Emnets innhold:

Gjennom mutasjonar og utval gjennom tusenvis av år har kulturplantene fått eit stort genetisk mangfald. Tomat har utvikla seg frå ein vill kryssbefruktar med frukt stor som eit blåbær til ein sjølvbefruktande bifftomat. Dei same mutasjonane som i paprika og chili finn du også i tomat og aubergine. Kva for gen ligg bak? Og kvifor er gulrot ei rot, men kålrota ein oppsvulma kimstengel? Eller purre ein falsk stengel? Og kvifor er så mange kulturplanter klonformerte eller pollinerte av vind eller seg sjølv, heller enn av insekt?

 Kurset gjennomgår morfologiske og anatomiske trekk i kulturplanter til mat og fôr, inkludert det genetiske grunnlaget for variasjonen. Det er særleg vekt på økonomisk viktige delar i vedkomande vekst - dei som menneska har påverka mest.

Kurset er øvingsbasert, 3 timar pr veke i 13 veker, og følger livssyklus frå frø til frø i ein- og tofrøblada planter: frøanatomi og spiring, oppbygging av stengel og blad, rotvekst og rotvekstar (blomsteroppbygging og blomsterstand), befrukting, frukter og frø. I tillegg vil ukjønna formering med stiklingar frå blad, stengel, jordstengel, utløparar og ved poding bli gjennomgått teoretisk og som øving. Vil du bli lærar, brukar mange av øvingane vanlege produkt og er lette å gjera om til øvingar i eit klasserom.

Læringsutbytte:
  • Å lære om formvariasjonen i kulturplanter
  • Å knytte botaniske omgrep i planteanatomi og plantemorfologi til viktige planteprodukt i jord- og hagebruksvekstar
  • Å kjenne dei vanlege måtane for vegetativ formering i planter
Læringsaktiviteter:

Øvingar (med rettleiing)  3 t pr veke i 13 veker. Journalskriving.

Gjennomgang av bakgrunnsartiklar (på engelsk) om variasjon i ulike kulturplanter

Læringsstøtte:
Canvas. Diskusjonar i samband med øvingane og journalen.
Pensum:

Skjelvåg, A.O. (2011) Frå frø til frø. Kompendium i Canvas.

Billing Hansen, O (1997)  Planteformering. Andre utgåve. Kompendium i Canvas.

Raven's Biology of Plants, er tilrådd som referansebok i BIO247.

Forutsatte forkunnskaper:
BOT100 og BOT130, BIO120 eller tilsvarande
Anbefalte forkunnskaper:
BIO120 er nyttig bakgrunn.
Obligatorisk aktivitet:
Journal og øvingar er obligatoriske.
Vurderingsordning:
3 timer skriftleg eksamen, fleirvalsoppgåver, A - E / Ikke bestått
Sensor:
Merknader:

Kurset er obligatorisk for B-PV, men er tilrådd også for B-BIOL, B-BIOTEK, M-LUN, B-MAT m.fl.

Emnet gis ikke i 2019 pga. pensjonering og evaluering av bachelorprogrammet i plantevitenskap.

Normert arbeidsmengde:
150 t
Opptakskrav:
Realfag
Overlapp:
Supplerer BIO244 og BIO245.
Undervisningstid:
3 t pr veke
Hjelpemidler ved skriftlig eksamen(er): A1 Ingen kalkulator. Ingen andre hjelpem.
Eksamensdetaljer: En skriftlig eksamen: A - E / Ikke bestått