BIO247 Matplantenes biologi og mangfold
English course information
Søk etter andre emner
Velg annet år
Viser emneinfo for studieåret 2017 - 2018.
Emneansvarlige: Aasmund Bjørnstad
Studiepoeng: 5
Ansvarlig fakultet: Fakultet for biovitenskap
Frekvens: Årlig, vil ikke bli gitt hausten 2017
Undervises på språk: NO
(NO=norsk, EN=Engelsk)
(NO=norsk, EN=Engelsk)
Begrensning antall plasser:
Maksimum 20 studentar pr parti. Dersom det er større interesse, vil eit ekstra parti bli vurdert.
Undervises i periode:
Emnet har undervisning/vurdering i haustparallellen. Neste gang haust 2018.
Første gang: Studieår 2016-2017
Fortrinnsrett: B-PV
Undervises hvor?: Campus Ås
Emnets innhold:
Kurset gjennomgår morfologiske og anatomiske trekk i kulturplanter til mat og fôr, med særleg vekt på økonomisk viktige delar i vedkomande vekst.
Kurset er øvingsbasert, 3 timar pr veke i 13 veker, og følger livssyklus frå frø til frø i ein- og tofrøblada planter: frøanatomi og spiring, oppbygging av stengel og blad, rotvekst og rotvekstar (blomsteroppbygging og blomsterstand), befrukting, frukter og frø. I tillegg vil ukjønna formering med stiklingar frå blad, stengel, jordstengel, utløparar og ved poding bli gjennomgått teoretisk og som øving.
Læringsutbytte:
- Å kjenne viktige botaniske omgrep i planteanatomi og plantemorfologi
- Å knytte omgrepa til viktige planteprodukt i jord- og hagebruksvekstar
- Å kjenne dei vanlege måtane for vegetativ formering i planter
Læringsaktiviteter:
Øvingar (med rettleiing) 3 t pr veke i 13 veker. Journalskriving.
Læringsstøtte:
Canvas. Diskusjonar i samband med øvingane og journalen.
Pensum:
Raven's Biology of Plants, er tilrådd som referansebok i BIO247.
Skjelvåg, A.O. (2011) Frå frø til frø. Kompendium i Canvas
Billing Hansen, O (1997) Planteformering. Andre utgåve. Kompendium i Canvas
Supplert med øvingshefte.
Forutsatte forkunnskaper:
BOT100 og BOT130, eller tilsvarande
Anbefalte forkunnskaper:
BIO120 er nyttig bakgrunn.
Obligatorisk aktivitet:
Journal og øvingar er obligatoriske.
Vurderingsordning:
3 timer skriftleg eksamen, fleirvalsoppgåver, A - E / Ikke bestått
Sensor:
Merknader:
Kurset er obligatorisk for B-PV, men er tilrådd også for B-BIOL, B-BIOTEK, M-LUN, B-MAT m.fl.
Emnet planlegges å gå neste gang haust 2018.
Normert arbeidsmengde:
150 t
Opptakskrav:
Realfag
Overlapp:
Supplerer BIO244 og BIO245.
Undervisningstid:
3 t pr veke
Eksamensdetaljer: En skriftlig eksamen: A - E / Ikke bestått