BIOTOUR tildelt internasjonal konferanse for besøksforvalting

Lillehammer og BIOTOUR ved NMBU blir vertskap for den internasjonale konferansen for besøksforvalting i rekreasjons- og verneområde (MMV) i 2020. 

BIOTOUR tildelt internasjonal konferanse for besøksforvalting

Professor og nestleiar i BIOTOUR, Jan Vidar Haukeland, er medarrangør av MMV2020 i Lillehammer.

Professor og nestleiar i BIOTOUR, Jan Vidar Haukeland, er medarrangør av MMV2020 i Lillehammer.

Foto
Gunn Evy Auestad

BIOTOUR og NMBU søkte om få arrangera konferansen i 2020, i samarbeid med Lillehammer-lokaliserte Norsk institutt for naturforsking (NINA) og Høgskolen i Innlandet (INN).  Det blir oppretta ei eiga nettside for arrangementet i starten av 2019.

Gladmeldinga kom under årets MMV-konferanse i Bordeaux, Frankrike i slutten av august, der BIOTOUR var godt representerte.

– Eg er svært glad for at styringskomiteen i MMV aksepterte vår søknad, seier professor og nestleiar i BIOTOUR-prosjektet, Jan Vidar Haukeland.

Høg tillit til BIOTOUR

MMV-konferansen er ein møtestad der forskarar og forvaltarar kan dela tankar og erfaringar relatert til dei mange fasettane ved besøksforvalting, som planar og strategiar, utfordringar og innovative løysingar.

Årets MMV-konferanse i Bordeaux samla over 200 deltakarar frå 31 land. 

Ein grundig utarbeidd søknad var hovudgrunnen til at BIOTOUR fekk tilslaget i 2020, opplyser styringskomiteen i MMV.

– Søknaden inkluderte informasjon om alle relevante aspekt, frå lokalisering og overnatting til organisering, program og budsjett. Dette overbeviste oss om at BIOTOUR-teamet kjem til å organisera neste MMV på ein perfekt måte, seier nestleiar i komiteen, Marcel Hunziker.

Føremålet med MMV-konferansen samsvarar godt med sentrale forskingstema i BIOTOUR, som forskar på nøkkelvilkåra for vidare utvikling av friluftsliv og naturbasert reiseliv i den norske bioøkonomien. Den neste MMV-konferansen samanfell også med avslutninga av det fireårige BIOTOUR-prosjektet i 2020.

– MMV er ein viktig konferanse for forskarar og forvaltarar av natur for friluftsliv og naturbasert reiseliv. Bruk og vern av natur er også eit tema som som får aukande merksemd i dagens samfunn, seier Haukeland i BIOTOUR.

Lillehammer er ei høgborg for friluftsliv og utandørs sport. Byen er årleg vertskap for ei rekkje arrangement og konkurransar, som det 86 km lange Birkebeinerrittet.

Lillehammer er ei høgborg for friluftsliv og utandørs sport. Byen er årleg vertskap for ei rekkje arrangement og konkurransar, som det 86 km lange Birkebeinerrittet.

Foto
Birken

Professor Øystein Aas (NINA / NMBU)

Professor Øystein Aas (NINA / NMBU)

Foto
.

Jubileum i Lillehammer

I 2020 har MMV ti års jubileum.

Jubileumsarrangementet i Lillehammer er det professor Haukeland og professor Øystein Aas (NINA/NMBU) som står i spissen for.

Lillehammer blei valt som utgangspunkt for søknaden fordi byen ligg i eit område som er lett tilgjengeleg for besøkande frå inn- og utland og har eit godt omdøme som ein turist-, sports- og friluftslivdestinasjon i Noreg.

Byen er omkrinsa av vakre og interessante naturomgjevnad og i seinare tid har regionen fått status som berekraftig reiselivsdestinasjon. Fordi byen er relativt liten og kompakt, ligg alt innan praktisk gangavstand. 

– Lillehammer er innfallsporten til norske fjell og klassiske nasjonalparkar som Jotunheimen og Rondane. Det er også ein by som, etter eit vellukka vinter-OL i 1994, har jobba målretta for å bli ein vertskapsby for sportsarrangement. Lillehammer gjennomfører årleig ei rekkje arrangement i skjæringspunktet mellom sport og friluftsliv, som Birkebeinerfestivalen, Verdscup-arrangement og terrengsykling, seier medarrangør Øystein Aas.

– Vedlikehald av stiar og finansiering av skianlegg er sentrale oppgåver i Lillehammer-regionen, som også har eineståande konferansefasilitetar, legg Aas til.

Ifølgje Hunziker i MMV-styringskomiteen, var "juryen" begeistra for tanken på Lillehammer som vertsby, med sin lange tradisjon med utandørs sportsarrangement og attraktive område for ekskursjonar.

– Me har tillit til at BIOTOUR kjem til å anstrenga seg for å eliminera den einaste ulempen med den norske søknaden, det høge prisnivået, ved å finna sponsorar og overnattingsalternativ som gjer det mogleg å delta for folk frå alle land og inntektsnivå, seier Hunziker.

 

Villreinsenteret og den prisvinnande "Viewpoint Snøhetta" ligg i fjellområda nord for Lillehammer.

Villreinsenteret og den prisvinnande "Viewpoint Snøhetta" ligg i fjellområda nord for Lillehammer.

Foto
Ketil Jacobsen

Solid vertskaps-erfaring

Sjuur Baardsen, dekan ved Fakultet for miljøvitskap og naturforvalting (NMBU).

Sjuur Baardsen, dekan ved Fakultet for miljøvitskap og naturforvalting (NMBU).

Foto
NMBU
Det føreslåtte temaet for konferansen i 2020 er  "Managing outdoor recreation experiences in the late Anthropocene – Resources, markets and innovations".

– Eg er svært tilfreds med å kunne ønskja eit globalt forskingsmiljø innan rekreasjons- og verneområde velkoment til Noreg, uttalar Sjur Baardsen.

Baardsen er dekan ved NMBU sitt fakultet for miljøvitskap og naturforvalting (MINA), som BIOTOUR-prosjektet er organisert under. Dekanen påpeikar at fakultetet har brei og langvarig kompetanse på natur, miljø og berekraftig bruk av naturressursar, som er i kjernen av MMV sin tematikk.

– I tillegg har både NMBU og Lillehammer solid erfaring som vertskap for internasjonale arrangement, legg Baardsen til.

Ønskjer du oppdateringar om MMV-konferansen i Lillehammer og forskinga i BIOTOUR, kan du melda deg på MMV sitt nyheitsbrev

For spørsmål om MMV10, ta kontakt med oss via epost.

Published 7. september 2018 - 13:48 - Updated 5. juni 2019 - 13:16