Meld deg på BIOTOUR-konferansen!

  • Opplevingsmarknaden er eit av fleire forskingstema i BIOTOUR-prosjektet. På konferansen blir det mellom anna presentert forsking på kva som karakteriserer høvesvis syklistar i Trysil,
Trolltungavandrarar og fuglekikkarar i Varanger.
    Foto
    Anton Ligaarden / Visitnorway.com

BIOTOUR inviterer til heildagskonferanse den 24. oktober, med presentasjonar og debatt rundt ny forskning på trendar, teknologi, lokalsamfunn og marknad. NB: Påmeldingsfristen er flytta til den 19.oktober!

Meld deg på BIOTOUR-konferansen!

"Verdifulle opplevingar i det naturbaserte reiselivet - kva seier forskinga?"

Dette er tittelen på konferansen som blir skipa til i Vitenparken på NMBU Campus Ås den 24. oktober.

Forskingsprosjektet BIOTOUR er arrangør. BIOTOUR forskar på utviklinga av reiselivet i den nye bioøkonomien og markerer med dette arrangementet at prosjektet er halvvegs (2016-2020).

– Dette blir interessant for alle som på ulike måtar arbeider med eller for utvikling av naturbasert reiseliv, seier prosjektleiar og professor i naturbasert reiseliv ved NMBU, Peter Fredman.

BIOTOUR-forskarane i programmet kjem frå NMBU (fakultet for miljøvitskap og naturforvalting, fakultet for landskap og samfunn), Norsk institutt for naturforskning (NINA), Institutt for rural- og regionalforskning, Ruralis,  Transportøkonomisk institutt (TØI) og Mittuniversitetet i Sverige.

Trendar, lokalsamfunn og ny teknologi

På konferansen vil du mellom anna få kunnskapspåfyll om:

  • Utviklingstrekk og trendar i den naturbaserte reiselivsnæringa
  • Reiselivsbasert utvikling av lokalsamfunn
  • Organisering av bedriftene og ressursbehov
  • Marknadsanalysar og moglegheiter med ny teknologi

Føremålet med konferansen er å formidla førebelse resultat frå BIOTOUR når prosjektet no er halvvegs.

Innlegga baserer seg på fersk forsking og blir presenterte av BIOTOUR-forskarar frå NMBU, Norsk institutt for naturforsking (NINA), Transportøkonomisk institutt (TØI) og Mittuniversitetet i Sverige.

– Her blir det høve til å tileigna seg ny kunnskap om naturbasert reiseliv og få innsyn i den nyaste forskinga på dette feltet. Konferansen kjem til å gje eit godt bilete av den forskinga me driv med i BIOTOUR, seier Fredman.

Frist 19. oktober

Konferansen legg vekt på dialog med næringa og andre interessentar. Publikum vil få høve til å stilla spørsmål, og det blir debatt om reiselivsnæringa sitt behov for ny kunnskap og forskinga si rolle.

Konferansen er open for alle og kostar 300 kr inkl. lunsj (100 kr for studentar). Frist for påmelding er 19. oktober.

 

 

 

Published 5. september 2018 - 11:30 - Updated 16. oktober 2018 - 8:57