Digital verktøykasse for deg som undervisar

  • Bildene er fra en workshop i emnet EDS312 Research methods, som er et obligatorisk metodekurs for studentene på Noragrics tre masterprogrammer.  Emnet for workshop'en var deltakerbasert aksjonsforskning. Studentene på bildene jobber med bruk av ulike tegnede diagrammer i fokusgruppediskusjoner. Diagrammer er et verktøy for å la deltakere i en studie få mer innflytelse i datainnsamling og analyse.
    Foto
    NMBU

På denne sida har vi forsøkt å samla dei digitale ressursane du som undervisar har tilgjengeleg gjennom NMBU, men presenterer òg nokre tips til verktøy som du kan vurdera å ta i bruk i undervisinga.

Digital verktøykasse for deg som undervisar

Canvasrom: støtte til digital undervising og eksamen - oppretta i samband med korona og den digitale omlegginga av undervising

I Canvasrommet finn du dei nyaste brukarvegleiingane og ressursane for gjennomføring av nettbasert undervising og eksamen. Her finn du òg oversikt over kommande webinarer relatert til undervising.

Canvasrommet er ope og tilgjengeleg for alle, også utanfor NMBU.

Gå til Canvasrommet

Canvas

Canvas er NMBUs læringsplattform og det digitale læringsmiljøet for studentar og undervisarar. Canvas gir moglegheit til kommunikasjon og interaksjon mellom student-lærar og student-student. 

Logg inn på Canvas

Respons- og interaksjonsverktøy

Mentimeter
Med Mentimeter kan du du laga polls, quizzer og ordskyer kor responsen kjem umiddelbart og vert presentert visuelt i grafar o.l.
Du kjem ganske langt med gratisversjonen, men merk at du har eit avgrensa antall avstemmingar og quizzar du kan oppretta.
Tilgjengelag som app.

Kahoot
Quiz-verktøyet Kahoot har eit meir utprega konkurranseelement ved seg, kor deltakarane kjempar om å svara korrekt fortast mogleg. Eit verktøy som er like populært i festlege lag som i undervising. 
Gratisversjonen kan fint nyttast, men med betalingsversjon blir langt fleire funksjonar tilgjengeleg.
Tilgjengeleg som app.

SlidoSocrative og Poll Everywhere er òg eksempel på responsverktøy ein kan bruka, men merk at gratisversjonane er relativt begrensa.

Samarbeidsverktøy

Samskriva i dokument - Office 365
Å samskriva i eit dokument er mykje betre enn å måtta lagra og endra utallige versjonar. Her finn du framgangsmåte.
Sjå vegleiar for korleis du opprettar eit samskrivingsdokument med Office 365 i Canvas.

Teams
Teams er NMBUs nye samarbeidsplattform kor ein kan dela filer og anna innhald, chatte/ha ein samtale, avholda møter med eller utan video, og med eit stort antall deltakarar. Studentar har òg moglegheit for å bruka Teams.

Padlet
Padlet er ei digital tavle kor ein kan leggja til tekst, bilder, lenker, filer, nettsider m.m. Kan fungera som eit godt verktøy i ein workshop, idémyldring, gruppearbeid osv.

Video

Eiga opptaksstudio med green screen
På Læringssenteret har du moglegheit til å gjera opptak i studio. Vi har òg ein grønskjerm som gir moglegheit til å leggja på kva du skulle ønske av bakgrunn. 

Skjermopptak
I MyMediasite har du moglegheit til å laga videoar med å ta opp det som foregår på skjermen. Logg inn med din NMBU brukar. Her kan du finna meir informasjon og framgangsmåte.

Opptak av forelesingar
I utvalde rom er det moglegheit for å gjera opptak av forelesing. Her kan du lesa meir om korleis dette fungerer og korleis du går fram for å bestilla opptak.

Bistand med opptak/videoproduksjon 
Du kan få hjelp med å produsera video. Ta kontakt med oss!
Merk at vi prioriterer video laga for undervisingsformål.

Redigeringsverktøy 
NMBU har ikkje gratislisensar på programvare, men WeVideo er eit online redigeringsprogram som er relativt enkelt å bruka. Vi kan gi deg ei innføring i korleis du brukar programmet.

Podcast

Har du ein idé til ein podcast? Vi kan hjelpa deg med teknisk utstyr og vegleiing i produksjonen.

Nettskjema

Machform - form.nmbu.no
Alle ansatte har tilgang til Machform, berre logg inn med din NMBU-brukar. 

Nettskjema
Tjenesten er drifta og utvikla av UiO, og alle NMBU ansatte og studentar har tilgang til å bruka tjenesten. Brukarstøtte finn du  på UiO sine sider.

Forms - Office 365
Du kan også nytta Forms, som du finn når du loggar på office.com

Formidling

NMBUs designhandbok
Her finn du retningslinjer og vegleiing av NMBUs visuelle profil, og malar til f.eks powerpoint.

Prezi
Prezi er eit alternativ til den tradisjonelle powerpointen. Som presentasjonsverktøy er det meir visuelt og og ikkje like lineært som powerpoint. 

Canva
Canva er ei designplattform kor du kan laga innhald til nett og sosiale medier. Du kan velga mellom eit stort antall malar, som du kan gjera om til ditt eiga design. For eksempel plakatar, presentasjonar, invitasjonar, grafar og mykje meir. Du kjem ganske langt med gratisversjonen. 

Infogram
Infogram er eit verktøy som hjelper deg med å laga visuelle presentasjonar av data. Du kan laga infografikk, rapportar, slides til presentasjonen osv.  

NMBUs fotoarkiv
Her finn du mange flotte bilder teke av NMBUs fotografar som du kan lasta ned og bruka. Hugs å sjekka kven som skal krediterast - det gjer du med å velga fana Origin når du har klikka på eit bilde.

Pixabay
Pixabay er eit bildearkiv kor du kan lasta ned og bruka bilder utan å måtta be om løyve eller kreditera fotografen. 

Flickr
På Flickr kan du lasta ned bilder som ikkje er hefta med copyright. Pass på å dobbelsjekka kva slags lisens bildet ligg under før du brukar det.

Webmøter

Adobe Connect
N
MBU har lisens på webmøtetjenesten Adobe Connect. Les meir om tjenesten på Unit sine sider.

Logg inn på Adobe Connect med din NMBU-brukar

Microsoft Teams
Alle NMBUs tilsette og studentar har tilgang til Teams. Her kan du chatte, dela innhald, ha video/lydsamtalar og webmøter. 
Les meir om Teams på NMBUs supportsider, eller finn ut meir om korleis det fungerer på Microsofts eigne supportsider.
Du kan setta opp eit webmøte frå kalendarfunksjonen i Outlook, velg Nytt Teams-møte. Personane  du sender møteinvitasjonen til vil ha høve til å delta i webmøtet - også deltakarar utanfor NMBU.

Undervisingsrom

Undervisingsromoversikt på intranett
Her finn du informasjon om kva slags utstyr som er tilgjengeleg i rommet, møbleringsplan, antall plassar, moglegheit for opptak osv.

Oversikt over rom med moglegheit for opptak
Det er berre utvalde rom som har nødvendig utstyr for streaming og opptak, og her finn du oversikt over kva for rom.

TimeEdit - bookingsystem
Timeedit er NMBUs time- og romplanleggingsverktøy. Dersom du ønskjer å reservera rom sender du ein førespurnad til timeplan@nmbu.no. Studentar har moglegheit til å reservera grupperom direkte i TimeEdit. 

SMART podium - den digitale tavla
Smart podium er ein interaktiv skjerm med touchfunksjon som tillet deg å skriva og å teikna ved bruk av ein intelligent penn. 

Smart podium fungerer som ein vanleg PC-skjerm, og du kan bruka PowerPointane dine på akkurat same måte som du er vand med, men du får i tillegg moglegheit til å teikna og skriva direkte inn i PPT'en (eller det du måtta ha på skjermen). Du kan sjølvsagt også nytta SMART podium som eit whiteboard. Du kan lagra det du har skreve/teikna, slik at du kan dela det med studentane i etterkant.

Ta kontakt med oss dersom du treng ei innføring i bruk.

Mikrofonar i undervisingsrom
Mest alle undervisingsrom er utstyrt med mikrofonar. Brukar du myggmikrofonane må du hugsa å settja dei på lading etter bruk. 
Vi oppfordrar deg til å melda frå til it@nmbu.no dersom du oppdagar feil med mikrofonane.

Catchbox
Catchbox er ein litt annleis mikrofon som du kan kasta rundt i salen og som kan bidra til å skape litt god stemning i salen og kanskje senka terskelen for å tala i mikrofonen? Vi har ein du kan låna, berre ta kontakt med oss!

Published 6. mars 2020 - 10:43 - Updated 10. juli 2020 - 9:46