Kvarandrevurdering

  • Samarbeid
    Foto
    Shutterstock/Dmytro Zinkevych

Å læra seg å både gi og motta tilbakemeldingar er verdfull læring. Med bruk av TAG modellen gir du studentane klåre retningslinjer på korleis tilbakemeldinga bør verta gjeve.

Kvarandrevurdering

Å læra seg å både gi og motta tilbakemeldingar er verdfull læring. For å kunna gi konstruktive tilbakemeldingar på andre sitt arbeid må du kunna forstå, bruka, analysera og vurdera fagstoffet. Det er derfor like verdfullt å gi som å motta ein peer review/fagfellevurdering.

For å gjennomføra kvarandrevurdering (student-student) kan du nytta deg deg av TAG modellen. Den er ein forenkla versjon av Hattie og Timperleys feed up, feed back og feed forward:

Bilderesultat for hattie feedback model

TAG modellen er som nemd ei forenkla utgåve og står for;

Tell something you like
Ask a question
Give a suggestion

Under er nokre eksempel på korleis ein kan formulera ei konstruktiv tilbakemelding:

Bilderesultat for tag feedback

Det er viktig at studentane får klåre retningslinjer for kva dei skal fokusera på for å unngå å få for mange generelle kommentarer som ikkje bidrar til vidare refleksjon eller forbetring. Eit forslag kan vera at du som lærar presenterer ei tilbakemelding (TAG) slik at studentane får ei betre forståing av korleis dette skal verta gjennomført. 

Peer review i Canvas

Canvas gir deg fleire moglegheiter til å gjennomføra peer review/feedback. Sjå framgangsmåte:

Published 7. september 2018 - 14:11 - Updated 10. juli 2020 - 10:45