Teambasert læring

  • Gruppearbeid
    Foto
    Shutterstock/Jacob Lund

Ein studentaktiv læringsform som legg til rette for eit læringsmiljø kor studentane må analysera og bruka kunnskap både sjølvstendig og i samarbeid med sine medstudentar. 

Teambasert læring

Teambasert læring (TBL) er ein studentaktiv undervisingsform som kan brukast i ein flippa tilnærming, og som også kan verta kombinert med vanlege tradisjonelle forelesningar. 

TBL tek vare på alle aspekt ved NMBUs Læringsfilosofi. TBL legg til rette for eit inkluderande læringsmiljø kor studentane er sjølvstendige og aktive i eigen læringsprosess. Dei må ta ansvar for eiga læring ved å førebu seg, og er viktige læringsressursar for kvarandre i undervisinga. Lærarane legg til rette, vegleiar og støttar studentane undervegs i læringsprosessen med å gi umiddelbare tilbakemeldingar og forklaringar åt studentane.

Nokre omgrep er sentrale i metoden:

RAP: Readiness assurance proceess

iRAT: Individual Readiness Assurance Test

tRAT: Team Readiness Assurance Test

tAPP: Team Applications

Bilderesultat for Teambasert læring â en studentaktiviserende og lærerstyrt undervisningsform

Framgangsmåte

  • Studentane får delt ut pensum/litteratur/støttemateriell som dei skal førebu seg på før kvar forelesning (flipped classroom).

  • I byrjinga av forelesinga får studentane delt ut ein multiple choice (MCQ) som dei skal svara individuelt (iRAT) på. Hensikta er å testa kunnskapsnivået åt studenten i materialet dei skulle førebu seg på.

  • Deretter skal studentane svara på den same MCQ i førhandsdefinerte teams (tRAT). Her må studentane diskutera og argumentera for sine svar for å komma fram til eit felles svar.  

  • Når studentane har levert sine team-besvarelsar, vert det heldt ei miniforelesing på ca 20 min som er tilpassa kunnskapsnivået som kjem fram av testen. Ved å nytta test-verktøyet i Canvas, eller f.eks Socrative får du svara umiddelbart og kan enkelt danna deg eit bilde over kva for spørsmål studentane slit med.

  • I siste del av undervisingstida skal alle teams jobba mot å løysa eit case/problemstilling med gitte svaralternativ (tAPP). Gruppene får utdelt samme case, og skal avgi sitt svar synkront etter å ha jobba seg fram til ein konklusjon i ca. 1 time. Gruppene kan svara digitalt (eks i Socrative) eller ved å på førehand dela ut ark med eks. svaralternativ A, B, C, D.

  • Når teamene har svara kan det verta gjeve ei miniforelesing med "fasit" eller utdjupande forklaring på problemet/casen.

Sjå korleis TBL vert nytta som undervisingsform ved det medisinske fakultet på NTNU:

 https://vimeo.com/68845566

Teambasert læring – Det medisinske fakultet - NTNU from NTNUs Multimediesenter on Vimeo.

Gjennomføring av TBL er også presentert som artikkel i Uniped: Teambasert læring - ein studentaktiviserande og lærerstyrt undervisingsform

Les korleis bruk av TBL bidro til høgare læringsutbytte for førsteårsstudentar i psykologi: Team-based learningimproves course outcomes in introductory psychology

Nokutpodden om teambasert læring

NB:
Skrapekorta som er bruka under tRAT kallast IF-AT cards og må bestillast på nett. 

Published 5. september 2018 - 11:47 - Updated 10. juli 2020 - 11:13