Copus - eit verktøy som hjelper deg å få oversikt over aktivitetane i forelesinga

  • Forelesning
    Foto
    Shutterstock/Matej Kastelic

COPUS er ein observasjonsprotokoll som hjelper deg å få oversikt over kor mykje tid du faktisk brukar på ulike aktivitetar i forelesinga.

Copus - eit verktøy som hjelper deg å få oversikt over aktivitetane i forelesinga

Kva er ein observasjonsprotokoll?
COPUS (Classroom Observation Protocol for Undergraduate STEM) er eit verktøy som vart utvikla av utdanningsforskarar ved the University of Maine og the University of British Columbia. Hensikta med protokollen/skjemaet er å kunna få hands-on data som viser kva du faktiskt nyttar undervisingstida til.

Protokollen vart utvikla for bruk i STEM disiplinar, men kan i praksis nyttast i alle typar fag som har større kurs.

Les mer om COPUS her.

Kvifor er dette nyttig for meg?
Skjemaet er nyttig for deg som ønsker å ei oversikt over korleis forelesingstida faktisk nyttast. Kanskje bruker du mindre tid på noko enn det du faktisk trur?

45 minutt monolog eller rom for dialog og interaksjon?
Det er mykje forsking som viser til at vi lærer betre dersom vi blir aktiviserte. Du har kanskje høyrt om attention span, altså kor lenge vi klarer å konsentrera oss før vi mistar fokus. Akkurat kor lenge vi klarer å halda på konsentrasjonen kjem an på aktiviteten, men vi kan nok alle kjenna oss igjen i at det er vanskeleg å vera fullt konsentrert i ein 45 minutts lang presentasjon. Det kan derfor vera lurt å variera aktivitetane undervegs, og interagera med studentane på ulike måtar.

Eksempel

Her er døme på to kurs som har vorte observerte ved hjelp av COPUS. Som vi kan sjå av bildet er det øvste kurset prega av monolog og lite interaksjon med studentane. Det nedste kurset derimot har ei meir aktiv tilnærming og fleire ulike læringsaktivitetar blir nytta undervegs. 

 

 

Eksempler på kurs som har blitt observert med bruk av COPUS.

Foto
Bildet er lånt fra https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC3846513/#__sec6title

Korleis gjennomfører eg ein observasjon?
Samarbeid med ein kollega og evaluer kvarandres forelesing, eller gjer opptak av din eigen og fyll ut skjemaet sjølv.
Obs: husk å informéra studentane om opptaket i forkant og kva det skal nyttast til. Dersom studentane er med i opptaket (ansikt blir vist) må du i tillegg innhenta løyve frå alle til å bli filma.

(Protokollen/skjemaet som blir nytta kan ved første augekast verka avskrekkande, men du vil kjapt sjå at det faktisk er ganske enkelt å gjennomføra).

PS:
Det er utvikla ein app som gjer gjennomføringa enklare, men den er dessverre ikkje tilgjengeleg for alle. Det finst fleire ulike gratisversjonar for å laga grafar og diagram på nett, til dømes BEAM. Da kan du plotta inn dataa dine og få ei meir visuell framstilling.

Published 17. juli 2018 - 14:32 - Updated 13. juli 2020 - 10:14