Emneevaluering

  • Undervisning
    Foto
    NMBU/Håkon Sparre

Skal du gjennomføra emneevaluering? På denne sida kan du finna støtte og verktøy som hjelper deg i prosessen.

Emneevaluering

Evaluering av emne og studieprogram er dei viktigaste verktøya våre for å skapa og sikra høg studiekvalitet ved NMBU.

Undervegs- og sluttevaluering gir viktige tilbakemeldingar om kva som fungerer bra - og kva som treng å bli gjort betre. 

Evaluering i tri trinn

  1. Undervegsevaluering. Denne er det du/de som underviser som gjennomfører. 

  2. Sluttevaluering. Denne er standardisert og går ut til alle emner. 

  3. Periodisk evaluering. Vert gjennomført av fakultetet. 

Les meir om rutineskildringa av gjennomføring og oppfølging av emneevaluering på KSU sine sider

Emnerapport
Tilbakemeldingene frå emneevalueringen(e) skal oppsummerast og eventuelle tiltak/justeringar gjerast reide for i ein emnerapport. Rapporteringa vert gjort direkte på NMBU sine nettsider.

Resultata frå sluttevalueringa vil òg komma fram i emnerapporten.

Kva skal eg som emneansvarleg gjera?

  • Kvart emne skal evaluerast kvar gong det går, derfor er det oppgåva di å gjennomføra minst ei undervegsevaluering. Metode(r) og tidspunkt vel du sjølv. Vi tilrår at det har gått tilstrekkeleg tid slik at studentane har rokke å gjera seg erfaringar, men at det òg er tid igjen av semesteret slik at studentane rekk å erfara eventuelle justeringar gjort på bakgrunn av tilbakemeldingane.

  • Når emnet er avslutta skal tilbakemeldingane oppsummerast i ein emnerapport (blir levert her), og eventuelle justeringar blir gjord reie for. Det er opp til deg korleis du presenterer resultata av emneevalueringa(e) i rapporten, men husk på at den skal vera til nytte både for deg sjølv, studentane og fagmiljøet.

  • Emnerapportane blir nytta i programevalueringa som blir gjennomført saman med fagmiljøet og minimum kvart sjette år.  

Spørsmålsbank
For å hjelpa deg på veg har vi laga ein spørsmålsbank med spørsmål og påstandar som du kan velgja frå. Banken er oppretta for å hjelpa deg i prosessen med å utforma spørsmål. Du kan anten henta spørsmål direkte derifrå eller bruka banken som inspirasjon. Du vel sjølv om du ønskjer å nytta deg av spørsmålsbanken eller ikkje.

Spørreskjemaer
Med MachForm eller Nettskjema kan du oppretta nettbaserte spørreskjema. Studentane gir sine tilbakemeldingar anonymt, og du kan monitorera kor mange som har besvart. Tilbakemeldingane kan hentast ut i form av grafar, diagramm eller i Excel-format. Sjå videovegvisar for å komma i gang.

Alle ansatte har tilgang - logg inn med ditt NMBU brukarnavn og passord.
OBS: For å få tilgang må du vera på NMBU-nettet. Er du utafor (f.eks heime eller på reise) kan du nytta Remote Office.

Send gjerne ein epost åt emneevaluering@nmbu.no dersom du har spørsmål.

Nyttige lenker:

 

Andre ressursar

Published 30. juni 2015 - 15:37 - Updated 9. juli 2020 - 11:04