Postkasse

Det er ikkje alltid ein treng å oppsøkje studentane direkte når ein skal samle inn tilbakemeldingar om studiesituasjonen deira. I ein del tilfelle kan det vere tilstrekkeleg å gi studentane høve til sjølv å ta initiativ. Studentane slepp då å vente på å bli spurt for å gi positive eller negative tilbakemeldingar, og dei blir ikkje bundne av førehandsdefinerte kategoriar.

Postkasse som supplement til andre metodar
Bruk av postkasse overlèt mykje av ansvaret til den einskilde studenten for sjølv å ta initiativ. Ein bør derfor vere førebudd på at denne metoden ikkje vil fungere like godt i alle studentgrupper. Metoden kan dessutan berre bli brukt av eit lite utval studentar som kan gi meir eller mindre representative tilbakemeldingar. Derfor kan det vere formålstenleg å nytte postkasse-evaluering som eit supplement til andre evalueringsmetodar.

Praktiske råd til gjennomføring

  • Postkassa kan organiserast fysisk eller elektronisk. Plasser postkassa slik at den er lett tilgjengeleg for studentane eller opprett ei e-postadresse, for eksempel postkasse@bus100.nmbu.no.

  • Drøft med studentane korleis postkassa skal fungere. Kva tema skal dei gi tilbakemelding på og kor ofte, korleis skal tilbakemeldingane summerast og drøftast med studentane osv. Det viktigaste er at alle partane einast om kva funksjon postkassa skal ha.

  • Informer studentane om korleis ein gir tilbakemelding og kven som har tilgang til å lese dei meldingane som kjem inn.

  • Sørg for at studentane er informerte om og forstår korleis tilbakemeldingane blir behandla og at meldingane er konfidensielle.

  • Etter at ein har blitt einige om kva reglar postkassa skal ha kan desse for eksempel leggjast ut på emnet sine heimesider, og med tilvising til e-postkassa dersom ein har valt dette.

  • Unngå å svare på tilbakemeldingar direkte til berre ein student. Summer heller dei tilbakemeldingane som har kome inn i eit notat, og tilgjengeleggjer dette for heile studentgruppa.
Published 7. juli 2015 - 13:39 - Updated 25. august 2015 - 8:39