Opptak av forelesing

  • Illustrasjonsfoto
    Foto
    Fotogjengen

På campus Ås er det utvalde rom som har moglegheit for opptak av forelesing. På denne sida finn du informasjon om korleis dette vert gjennomført.

Opptak av forelesing

9 rom på Campus Ås er klargjort for automatisk opptak av forelesing. 7 er i Urbygninga, 1 i Bioteknologibygninga og 1 i Tårnbygninga:

  • U120
  • U203
  • U215 (Festsalen)
  • U224
  • U227
  • U302
  • U328
  • BT1A07 (Aastveit)
  • TU101 (Kinosalen)

Oversikt over storleik på romma, antall plassar, teknisk utstyr og møbleringsplan m.m finn du under romoversikt på intranett.

Opptak bestilles på førehand og går automatisk, etter avtale.  

På sjølve opptaket vises det to vindu. Det eine viser skjermbildet (det du velger å visa fram, ofte PowerPoint) og det andre viser kamerabilde frå salen. For å unngå at studentar er med på opptaket er bildeutsnittet nøye vald til å fanga forelesar og tavle. 

Det er mogleg å ha direktesending dersom du ønskjer det.

Kjørereglar:

  • Alle som skal forelesa må samtykka til opptak. Ikkje gløym gjesteforelesarar!

  • Studentar skal orienterast om at det vert gjort opptak. Gjerne munnleg i forelesing, men også skriftleg i Canvas.

  • Benytt den stasjonære PC'en i rommet. Tilkopling med laptop vert ikkje tilrådd pga ustabilitet.

  • Vi anbefalar å benytta teiknenefunksjonen på PC'en (smartboardet) fordi det kan vera vanskeleg å sjå kva som blir skreve på tavle/whiteboard. Bruk av dokumentkamera er ikkje anbefalt pga. ustabilitet. 

  • Benytt mikrofonbøylen/hodemikrofon. Sett den på lading etter bruk.

  • I BT1A07/Aastveit MÅ høyre lerret verta bruka, men benytt helst begge for å vera sikker på at skjermbildet tappes til recorderen.

  • Gi oss beskjed dersom forelesninga er avlyst eller flytta slik at vi får kansellert opptak. Hvis ikkje risikerer vi å gjera opptak av nokon som korkje er klar over eller ønskjer å bli filma. 

OBS:
Opptaket pauses ikkje i pausen, så dersom du ønsker å sjekka epost eller anna anbefalar vi at dette vert gjort på ei anna eining slik at det ikkje blir med på opptak. Skru av mikrofonen i pausen (mute) slik at samtalar med studentar ikkje vert teke opp.

Publisering

Dersom ikkje anna er avtalt vert opptaka publisert i emnerommet i Canvas, under menyfeltet Mediasite Katalog. 

Alle opptak er beskyttet med Feide-pålogging. Du må altså vera student eller tilsett ved NMBU for å kunna sjå opptaket (dersom ikkje anna er avtala).

Opptak vert ikkje stengt etter endt semester, men er tilgjengelege i Canvas, akkurat som øvrig lærestoff. Studentar har lesetilgang til emner dei har teke tidlegare i Canvas. 
Dersom du ønskjer å avpublisera forelesingsopptak må vi ha beskjed om det: learningcenter@nmbu.no. Vi tek berre i mot førespurnadar om dette frå emneansvarleg eller faglærar i emnet.

Tips!

  • Det er mogleg å henta ut enkel statistikk (analytics) frå opptaka, og gjera enkel redigering. Ønskjer du denne tilgangen; ta kontakt så hjelper vi deg.

  • Tavla i rommet er med på opptaket, men det kan vera utfordrande å sjå kva som blir skreve på opptaket. Derfor kan det vera nyttig å vita at alle PC'ar i romma er smartboards med tegnefunksjon integrert. Det betyr at du kan tegne/skriva direkte inn i powerpointen, og også lagra versjonen for å dela med studentene etterpå. 

  • Bruker du laserpenn for å markera på skjerm? Den raude prikken vil ikkje vises på opptak, derfor tilrår vi å kjøpa for eksempel Logitech Spotlight som kan utheva, forstørra og zooma inn på det du ønskjer å fokusera på.

Dersom du ønsker å flippa undervisinga, eller bruka video på andre måtar i undervisinga anbefalar vi at du heller besøker vårt studio eller lagar tilpassa snuttar sjølv med skjermopptaksfunksjon.

 

T.O:

Vi brukar systemet Mediasite til undervisingsopptak, ei teneste levert av Unit.

Published 11. august 2015 - 18:45 - Updated 14. juli 2020 - 13:30