NMBUs læringsfilosofi

NMBU er dedikert til ypparleg undervising og læring.


Læringsfilosofien ligg ved hjartet av visjonen vår om ypparleg undervising og læring. Han understrekar dedikasjonen vår til å hjelpa studentane våre til  å læra heile livet, og å tileigna seg nødvendige evner for å takla globale utfordringar.

 

NMBU skal skapa inkluderande læringsmiljø og gode faglege heimar, både for studentar og tilsette. Dette oppnnår ein gjennom å legga til rette for at studentane kan vera aktive deltakarar i fagmiljøet, og veit at undervisarar rettleier og støttar studentane i læringsprosessane deira.

Læring er ein studentaktiv prosess som fremmar refleksjon og sjølvstende. Ved å oppmoda og utfordra studentar får dei dei nødvendige verktøy for å kunna ta ansvar for og styra si eiga læring.

Gjennom konstruktive tilbakemeldingar og strukturert refleksjon aukar sjansen for læring. Studentane må derfor sjåast på som ein viktig læringsressurs for kvarandre og må delta aktivt i undervisninga av medstudentane sine. Vi bør derfor oppmoda studentar til å undervisa, evaluera og læra av kvarandre gjennom akademisk dialog.  

Samanhengen mellom læringsutbytteskildringar, læringsaktivitetar og vurdering utgjer ei stor rolle i NMBU sin Læringsfilosofi. Gode læringsutbytteskildringar må utviklast både for ulike program og fakultet, slik at ein har gode forskingsbaserte læringsaktivitetar som bidrar til at studentane når læringsmåla sine.

For å sikra at ein lagar gode læringsutbytteskildringar, læringsaktivtetar og vurderingsmetodar er måten ein evaluerer eit emne på viktig. Dette blir gjort tradisjonelt med ein summativ evaluering i slutten av kvart semester. Gode formative, langsgåande evalueringar bidrar òg til konstruktiv vidareutvikling av eit emne. Ved å nytta begge metodar blir det gitte verdifulle tilbakemeldingar på læringa til studentar, samtidig som ein samlar verdifulle tilbakemeldingar frå studentar om korleis ein kan støtta, legga til rette for og guida læringa deira. Undervisarar kan fritt velja korleis dei utfører formative evalueringar.

I ei sluttevaluering er undervisarar forplikta til å gi refleksjonane sine og arbeida med å kontinuerleg forbetra emna sine.

 

NMBU læringsfilosofi i praksis

Trykk på bilda for å lesa meir 
Langsiktig arbeid med betring og justering av undervisningsmetodar gir resultat. Dei siste femten åra har tilsette ved Institutt for plantevitskap jobba målretta for å stadig forbetra utdanningsmetodane slik at studentane ved masterprogrammet for Agroøkologi skal få stadig betre læringsutbytte. I 2016 fekk NMBU Utdanningskvalitetsprisen frå NOKUT.
Ronny Steen vart våren 2017 kåra til årets beste forelesar. Han er kjent for å ta i bruk nye digitale hjelpemiddel for å bidra til engasjement blant studentane sine. Han har eksempelvis laga denne filmen som blir brukt i kursa ZOOL210.
Elin Kubberød har ansvaret for mentorordninga i INN340. Dei har fått støtte av Norgesuniversitetet til å utvikla dette og er ein del av kompetanseprosjektet: "Mentorrollen som element i Entreprenøriell ekspertise - Utvikling av mentorrollen for utdanning i entreprenørskap".

Utdanningslandskapet endrar seg stadig. NMBU tilbyr mange ulike undervisings- og læringsressursar, som kan bidra til å støtta den profesjonelle utviklinga til undervisarar. NMBU sitt Læringssenter er tilgjengeleg for alle som ønsker ein akademisk sparringspartnar når ein ønsker å utbetra dei pedagogiske evnene sine  Læringssenteret bidreg med:

  • Eit bredt utvalg av relevante pedagogiske workshops, kurs og konsultasjonar.
  • Det tilbys læringsressursar på nett, som er lett tilgjengelege i ein digital verktøykasse.
  • Læringssenteret støttar undervisarar sitt arbeid i å utforma gode pedagogiske kurs i Canvas, NMBU sin læringsplattform.
  • Læringssenteret og filmgruppa bidreg med å utvikla gode digitale læringsressursar som video, animasjonar og interaktive læringsstiar.
  • I tillegg bistår Læringssenteret og Skrivesenteret med å støtta studentar og deira akademiske skriveferdigheitar.

NMBU er dedikerte til undervising og framifrå læring. Vi ønskjer at våre uteksaminerte har kunnskapen og dei ferdigheitene som trengs for å bidra til eit betre globalt samfunn. 

NMBUs Læringsfilosofi er vedtekne av Studienemda.

NMBUs Læringsfilosofi

Foto
NMBU

 

Published 25. juni 2015 - 14:27 - Updated 8. juli 2020 - 11:33