Studentevaluering av masteroppgåvegjennomføring

Det vert mogleg for alle studentar som gjennomfører masteroppgåva å svara på ei større undersøking om korleis dei opplever gjennomføring av oppgåva. 

Masteroppgaveevaluering

Tema for undersøkinga er: 

  • studentane si eiga oppleving av arbeidsinnsats, evne til sjølvstendig arbeid og kor dei største utfordringene i arbeidet har vore
  • studenten si vurdering av vegleiinga
  • studenten si vurdering av rammer rundt arbeidet med oppgåva; informasjon, bibliotek, skrivesenteret
  • fleire opne tekstfelt gjer det mogleg med for kontruktive tilbakemeldinger 

Studentane kan sjølve velgja om dei vil vera anonyme når dei svarar på undersøkinga eller om dei ønskjer å gi informasjon som kan identifisera dei. Ved å oppgi namn eller opplysingar om studieprogram kan oppfølging av det som kjem fram bli meir presis.

Studentane mottek undersøkinga på registrert innleveringsdato.

Resultata vert sendt åt dekan og undervisingsleiar på det fakultet kor studenten gjennomfører masteroppgåva. Oversendinga skjer etter sensur har falt. Oppfølging av resultata skjer både på fakultetet, men også sentralt for å identifisera nødvendige tiltak på institusjonsnivå.

 

Spørsmål som inngår:

Studenten si vurdering av arbeidet med oppgåva:

  • Har du skreve masteroppgåva saman med ein annan student
  • Når kom du igang med masteroppgåva
  • På ein skala frå 1 til 6 korleis vurderer du din eigen innsats: i førebuingsfasa, i utforming av problemstillinga, under skriveprosessen, i oppfølging av tidsplana, i forberedelsar til møter med vegleiiar, på laboratoriet/verkstad/feltarbeid/datainnsamling
  • Masteroppgåva skal vera eit sjølvstendig arbeid. Korleis vil du vurdera evna di til å arbeida sjølvstendig med oppgåva og vera prosjektleiar for eiga oppgåve? (skala 1-6)
  • Kva for delar av arbeidet med masteroppgåva har vore mest utfordrande (kryss av inntil 3 punkt)? Litteratursøk, Formulering av problemstilling, Feltarbeid/datainnsamling, Arbeida sjølvstendig, Laboratorie/verkstadarbeid, Samarbeid med vegleiar (arar), Samarbeid med andre, Metodebruk, Statistiske analyser, Skriveprosessen generelt, Strukturera arbeidsdagen, Følgja tidsplana, Halda kontakt med vegleiar
  • Utdjup og forklar gjerne kva som har vore mest vanskeleg og eventuelt korleis NMBU kunne bidrege for å hjelpa deg.
  • Kva for forventningar hadde du til kva for karakter du skulle greie å oppnå før du starta arbeidet
  • Kva for forventningar har du til karakter når du no har levert oppgåva?

Studentane si vurdering av vegleiinga:

  • På ein skala frå 1 til 6, korleis vurderer du vegleiaren si: evne til å vegleia deg vidare i prosessen, faglege kompetanse i forhold til oppgåva si problemstilling, oppfølging av progresjon og framdrift, evner til å gi vegleiing i relevante analysar, evner til å gi vegleiing i praktisk arbeid (lab/verkstad/felt), evner til å gi  vegleiing i akademisk skriving, tilgjengelegheit, evne til motivasjon og samarbeid
  • Angi ca antall timar med vegleiing du har fått (her inngår både møter, telefonsamtalar, epost-korrespondanse, lab/felt/datainnsamling o.l.):
  • Dersom du har kommentarar til vegleiinga, ros, ris eller tips til forbetringar, utdjup det gjerne her. Husk at alle tilbakemeldingar bør vera konstruktive! Unngå personkarakteristikkar av typen "...er dårleg/udugeleg..." osv. Beskriv i staden kva personar gjer eller ikkje gjer som oppleves utfordrande eller positivt. 

Studentane si vurdering av andre element som har påvirka arbeidet med masteroppgåva

  • På ein skala frå 1 til 6 korleis vurderer du: informasjonsmøter ved fakultetet, informasjon som ligg på fakultetets nettsider, informasjon for masterstudentar på NMBUs studentnettsider
  • På ein skala frå 1 til 6 korleis vurderer du følgjande tilbod ved skrivesenteret og biblioteket: tilbodet om skrivevegleiing via skrivesenteret, kurs i presentasjonsteknikk, statistikkhjelpa, diverse kurs i regi av biblioteket, bibliotekets hjelp og støtte til litteratursøk o.l., bibliotekets og skrivesenterets nettressursar
  • Utdyp og forklar gjerne kva som har vore bra med skrivesenteret og biblioteket, gi oss tips om noko du sakna eller korleis vi kan forbetra oss.

Alt i alt:

  • Alt i alt, i kor stor grad er du fornøgd med (skala 1 til 6): eigen innsats, vegleiinga du har fått
  • Alt-i-alt gi ei kort vurdering av (tekstfelt): din eigen innsats, di evne til å disponera tida, informasjonen du fikk, laboratoriearbeid/feltarbeid/datainnsamling, resultatet (oppgåva du leverte), vegleiinga du fikk 
  • Har du ytterlegare kommentarar til gjennomføringa av masteroppgåva di, både
    ris, ros og tips til forbetringar, utdyp dette her. Vi ønskjer å bruka dine kommentarar til å forbetra oss. Husk å vera konstruktiv i dine tilbakemeldingar.
Published 8. august 2019 - 15:26 - Updated 21. juli 2020 - 11:21