Godkjenning av emner

Det er fakultetsstyret sjølv som tek til med og legg ned emner etter tilråding frå fakultetets studieutval (FAK-SU). Berre emner som oppfyller følgande krav kan godkjennast og tilbys ved NMBU.

Emnegodkjenning

Fakulteta er ansvarlege for at emnet til ei kvar tid er korrekt beskrive i samsvar med retningslinjene. Alle emne som blir tilbodne ved NMBU skal vera korrekt beskrive i Felles Studentsystem (FS), og den til ei kvar tid gjeldande versjonen av emneskildringa er publisert på nett.

Alle emne skal vera beskrive i samsvar med dei krava som følgjer av "Retninglinjer for skildring av emne". Krav til emne er beskrivne i "Forskrift om studiar ved NMBU" og "Forskrift om kvalitetssikring og kvalitetsutvikling i høgare utdanning og fagskuleutdanning". Fakultetet peikar ut den personen eller personar som er ansvarleg for å utarbeida, revidera og kvalitetssikra emneskildringa og registrera denne i databasen via Emneplanlegging på nett (EPN). FAK-SU på fakultetet som tilbyr emnet, vurderer og godkjenner emneskildringa.

Kvart år blir emneregistrering opna på nett (EPN) for endringar, oppdatering eller nyregistrering av emneskildringane. I slutten av januar blir det send ut informasjon om rutinane i samband med innsamling og godkjenning av emne inkludert ei tidsplan for arbeidet. EPN blir opna ca 1.februar og all emneinformasjon må vera utfylt og godkjent av fakultetet innan fristen (ca 1. april)

 

Opplegget i emnet skal vera i samsvar med Nasjonale lovar og forskrifter og NMBUs forskrifter her:

Published 14. januar 2016 - 15:46 - Updated 8. juli 2020 - 14:00