NMBU får sitt første Senter for framifrå utdanning

Av Karen Moe Møllerop

Urban Lab workshop at NMBU
Urban Lab workshop at NMBUFoto: Anne Guro Røsæg

Senteret skal møte behov for auka kapasitet og høgare kompetanse innan arealplanlegging og arbeider med korleis høgare utdanning kan svare på FN sine berekraftsmål.

English version here.


Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har i år vurdert i alt 28 søknader om å få status som Senter for framifrå utdanning. Tre av desse vart vald ut, og NMBUs Senter for integrert og transdisiplinær undervisning i planlegging (SITRAP) var ein av dei.

Senteret ligg under Fakultet for landskap og samfunn (LANDSAM).  Det langsiktige målet med senteret sitt arbeid er å utdanne fleire og betre planleggjarar som kan handtere framtidas komplekse samfunnsutfordringar på ein berekraftig måte. Senteret skal utvikle undervisningsformer på tvers av fagfelt og studieretningar innan romleg planlegging, særleg profesjonsutdanningane i arkitektur, landskapsarkitektur, by- og regionplanlegging og eigedomsutvikling.

Vil bryte ned faglege siloar

— Vi er opptekne av det som er felles for desse ulike utdanningane og ikkje det som skil dei og som ofte skaper konfliktar i planprosessar, seier senterleiar og professor i by- og regionplanlegging Elin Børrud, som også er ein av NMBU sine første meritterte undervisarar.

— Vi må bryte ned siloar og revir-tenking. Om vi forstår betre korleis dei ulike profesjonane lærer og utviklar medvitet om profesjonen sin, kan det hjelpe oss å utvikle ein betre tverrfagleg praksis allereie i undervisninga, seier Børrud.

Må forstå fleire fag enn sitt eige

Ho slår fast at dette er fag som alle skal handtere komplekse samfunnsutfordringar.
—  Når vi utdannar planleggjarar, landskapsarkitektar eller eigedomsutviklarar, må vi førebu dei på at framtidas problem og løysingar ikkje er opplagde. Det finst ikkje fasitsvar eller ferdige oppskrifter. Dei må derimot kunne handtere ei mengd forskingsbasert kunnskap frå fag som dei sjølv ikkje har studert, og dei må kunne bruke ein stor variasjon av metodar for å vurdere denne fagkunnskapen mot kvarandre, seier Børrud.

Til sjuande og sist skal planleggjarane gje faglege råd til dei som skal gjere politiske vedtak. Då må dei klare å gjere saman med fagområde enn sitt eige.

Dette er kompetanse som ein ikkje får av å studere eitt av planfaga, men noko ein må øve seg på, seier Børrud.

Blir nasjonalt ressurssenter

SITRAP vil vere eit nasjonalt senter for fagdidaktikk i romleg planlegging. Det betyr at SFU-en ikkje berre kjem NMBU til gode, men vil vere ein ressurs for alle utdanningsinstitusjonar som utdannar kandidatar som skal bidra til betre og meir berekraftig areal, by- og tettstadsutvikling.  SITRAP har ei arbeidsgruppe med undervisarar frå masterprogramma i landskapsarkitektur, by- og regionplanlegging og eigedomsfag og eigedomsutvikling. I tillegg har senteret ei referansegruppe med representantar frå andre delar av NMBU, sentrale fagorgan som KS og DogA, samt personar tilsett i konsulentfirma, kommunar og fylkeskommunar.  

SITRAP samarbeider også med Senter for praktisk kunnskap ved Nord universitet. Gjennom dette samarbeidet ønskjer SITRAP også å bidra til kvalitetsutvikling i utdanningar som helsefag, lærarutdanning og sosialfag.

Arbeider systematisk med studiekvalitet

Rektor ved NMBU Curt Rice trur SITRAP sitt arbeid vil vere viktig for fleire fagretningar.

—  Alle her ved NMBU er stolte og glade for at SITRAP har lykkast i denne krevjande konkurransen om å opprette eit sentre for framifrå utdanning. Eg er trygg på at arbeidet deira ikkje berre vil vere nyttig for studentar i planlegging, men at og studentar i andre program kjem til å ha glede av dei pedagogiske tilnærmingane som SITRAP utviklar og deler på tvers av NMBU, seier Rice.

Dekan på Fakultet for landskap og samfunn, Eva Falleth, meiner det er det systematiske arbeidet med studiekvalitet som no ber frukter.

—  Dette er eit fagmiljø som har arbeidd systematisk med studiekvalitet og fagpedagogikk over tid. Dette kjem naturlegvis studentane, studieprogramma og læringsmiljøet til gode, men og resten av LANDSAM og NMBU vil få glede av denne fagutviklinga. Eg er stolt og glad og gratulerer SITRAP og NMBU sin første SFU, seier Falleth.

Lyktest på tredje forsøk

SITRAP blei etablert i 2018 på grunnlag av ein tidlegare SFU-søknad i 2016 og ein ny søknad i 2019 som ikkje nådde opp.

— Det svært gledeleg at vi no har utvikla ein struktur og ramme rundt senteridéen vår og at vi klarte å overtyde at vi held eit framifrå nivå, seier Børrud.

Med SFU-status følgjer midlar. Halvparten er støtte frå NMBU og resten kjem frå SFU-ordninga. Senteret vil ha eit årleg budsjett på rundt 6,5 millionar.

—  Løyvinga gjer at vi kan gjennomføre fleire av ideane vi har hatt på blokka, og vi kan jobbe meir systematisk med å evaluere prosjekta vi sett i gong. SITRAP har allereie i dag to prosjekt som er støtta med midlar frå direktoratet, så vi veit litt om kva moglegheiter dette gjer oss. I søknaden har vi lagt inn prosjekt som gjer direkte støtte til ulike studentinitiativ og studentaktiv læring, og prosjekt der vi samarbeider med arbeidslivet, seier Børrud.

—  Rustar studentane for et samfunn i endring

Senterstatus og finansiering blir løyva til tre utdanningsmiljø som er vurderte som framifrå, og som viser høg relevans for faget kopla med gode planar for vidareutvikling og innovasjon. Løyvinga er i tråd med anbefaling frå den internasjonale ekspertkomitéen som har vurdert årets søknader.
—  Felles for dei nye sentra er at dei trekk fram store spørsmål og konkretiserer korleis høgare utdanning kan bidra til å løyse desse. Dei har også gode visjonar for korleis studentar skal rustast til å gå ut i ein arbeidsmarknad og samfunn i endring. Eg gleder meg til å følgje dei vidare, seier Sveinung Skule, direktør i HK-dir.

Fakta

  • Senter for framifrå utdanning er ei nasjonal prestisjeordning som skal stimulere fagmiljø til å vidareutvikle høgare utdanning.
  • HK-dir forvaltar ordninga.
  • Statusen vert tildelt for fem år, og kan forlengast i nye fem år etter ei evaluering midtveis. Dette gjer fagmiljøa ressursar til å jobbe målretta og langsiktig med å utvikle ny kunnskap og nye praksisar i undervisning og læring.
  • Her kan du lese meir om dei tre sentra som får SFU-status i år.

Publisert - Oppdatert

Del på