Godkjente planar for Vannsenter på campus Ås

Av Kjersti Sørlie Rimer

Løvehodefontenen, 2021
Løvehodefontenen, 2021Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I fleire år har det vore jobba med etablering av eitt «Nasjonalt senter for vanninfrastruktur» på Ås.  Nå er rammesøknaden godkjent av Ås kommune.

NMBU har tilsammen fått 20 millionar kroner til dette prosjektet: 2,5 millionar kroner i 2017 til oppstart og planlegging, og 17,5 millionar i 2018 til byggjeprosjektet.

No er det snart klart for å starte det fysiske arbeidet. 

Det må investerast meir enn 300 milliardar kroner innan vatn og avløp innan 2040, og dei største kostnadene er knyte til ledningsnettet. Vassbransjen har samla seg til eit felles lyft gjennom etablering av «Nasjonalt senter for vanninfrastuktur AS» (Vannsenteret), der NMBU er med på eigarsida og tilrettelegg for ei satsing av stor tyding for samfunnet.

NMBU har samla motteke løyvingar på 20 millionar frå KD til etablering av senteret. 17,5 millionar skal nyttast til realisering av den bygning som blir knytt til testanlegget. «Vannsenteret» og bransjen vil vere med å delfinansiere bygningen.

Målsetjing for senter for vassinfrastruktur

«Vannsenteret» skal bli eit senter som svarer på det samla nasjonale behovet for kompetanse og handtering av noverande og framtidige utfordringar for eigarar av vatn- og avløpsleidningar, system for handtering av overvatn og tilhøyrande infrastruktur. Senteret skal vere ein attraktiv fasilitet for opplæring, forsking, utvikling og utprøving i framtidsretta vassinfrastruktur. Det skal vere ein stad brukarar kjem for å lære, opparbeide ny kunnskap og utvikle nye produkt og tenester.

Byggjeprosjektet

NMBU er byggherre og blir saman med «Vannsenteret» eigar av bygning og nærliggjande uteanlegg. Byggjeprosjektet skal gjennomførast i tett kontakt med «Vannsenteret» som har engasjert Aase Prosjekt AS for prosjekt- og byggjeleiing i for- og gjennomføringsfasen. Rammeløyve er innvilga frå Ås kommune, der Sweco AS er ansvarleg søkjar.

Etablering av testanlegget, som blir plassert utanfor bygningen, blir utført i regi av «Vannsenteret». Det blir prosjektert i samspel med fag- og brukarar tilknytt «Vannsenteret», inkludert NMBU. Forsøk- og undervisingsanlegg på/under bakken er ikkje søknadspliktige (reguleringsplan).

Bygget skal førast opp på ei tomt som ligg sør for krysset mellom Arboretveien og Syverudveien, 150 meter nordvest for Ås kyrkje i Ås kommune.

Landskapsplan skisse "Vannsenteret"
Landskapsplan skisse "Vannsenteret" Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Fakta om det nye vannsenteret *

Byggets vegger skal som utgangspunkt blir utført i tre, med søyler og dragere i limtre.

Byggets høgd blir ca.8,8 meter. Bygningen sin BYA bebygd areal er 851 m2, BRA (Bruksareal - areal innanfor veggar) 1048m2.

Skisse fasader Vannsenteret
Skisse fasader Vannsenteret Foto: Kjersti Sørlie Rimer
  • Kostnadsoverslaget er på 32-35 mill.kr. (avhengig av margin/reserve)
  • Finansiering - 17,5 mill.kr. frå statsmidlar hos NMBU - resterande frå bransjen/anna (koordinert av Vannsenteret)
  • Finansieringsmodell blir forankra i Vannsenteret og hos NMBU før konkurransegrunnlag blir offentleggjort

Tidsplan
Konkurransegrunnlag blir lagt ut i løpet av september/oktober. Val av leverandør blir nærmare årsskiftet og ein ferdig bygning skal stå klar i 4. kvartal 2022 / 1. kvartal 2023.

Avtalestruktur
Det blir etablert ein overordna samarbeidsavtale mellom Vannsenteret og NMBU, og det blir laga ein felles prosjektorganisasjon som handterer begge prosjekta. Ein leigeavtale vil liggje til grunn for den vidare aktiviteten.

Fagleg samarbeid og synergiar
Fagmiljø ved REALTEK, LANDSAM og MINA er knytte opp mot Vannsenteret. Dei vil bruke anlegget til gjennomføring av emne og kurs samt delta i prosjektarbeid knytte til forsking og innovasjon saman med senteret og partnerane deira (kommunar og næringsliv).

Mål:
Senteret skal svare på det samla nasjonale behovet for kompetanse og handtering av noverande og framtidige utfordringar for eigarar av vatn- og avløpsleidningar og tilhøyrande infrastruktur, og:

  • utdanne ein ny generasjon av forvaltarar, byggherrar og driftsoperatørar med god teoretisk og praktisk innsikt
  • hjelpe til å auka kvalitet og effektivitet i alle ledd av VA-bransjen gjennom utdanning, erfaringsutveksling, forsking og teknologiutvikling
  • vere ein pådrivar for samarbeid, verdiskaping og det grøne skiftet

Meir informasjon om Vannsenteret finn du her.

 * Sjur Tveite, daglig leder ved Nasjonalt senter for vanninfrastruktur, har levert faktainformasjonen.

Publisert - Oppdatert

Del på