Studentgründerar frå NMBU får millionstøtte

  • Det er viktig å se det kommersielle potensialet i teknologi.
    Foto
    Shutterstock

To gründerprosjekt frå NMBU får millionstøtte frå Forskingsrådet til å vidareutvikla sine forretningsidear.

Studentgründerar frå NMBU får millionstøtte

"I år kom 18 prosjekt gjennom nålauget og vil få støtte for å vidareutvikla sine innovative studentprosjekt," skriv Forskingsrådet.

Prosjekta får ein million i støtte kvar frå Forskningsrådets STUD-ENT-ordning. Ordninga skal mobilisera til entreprenørskap blant studentar og bidra til å styrka entreprenørskapskulturen i universitets- og høgskolesektoren

To av prosjekta som får støtte er frå NMBU: Salmogram og Internet Of Noise (ION). Oppstartsprosjekta består av studentar frå Handelshøgskulen og Fakultet for realfag og teknologi.

– Gledeleg nyheit

– Dette er veldig gledelege nyheiter og det overraskar meg ikkje at våre studentar er involverte. Dei er trena i entreprenørielle ferdigheiter og det å sjå det kommersielle potensialet i teknologi og har mykje praksis gjennom utdanning, seier Elin Kubberød, førsteamanuensis ved Handelshøgskulens masterprogram for entreprenørskap og innovasjon.

Salmogram består av Mathias Elvestad, som har studert Entreprenørskap og innovasjon ved Handelshøyskolen og Hågen Toverud og Vetle Brekmo tek begge Maskin, prosess og produktutvikling (Sivilingeniør) ved Fakultet for realfag og teknologi.

ION består av Ole Johan Aspestrand Bjerke, som tek ein master i Entreprenørskap og innovasjon ved Handelshøyskolen, Jon Nordby, som studerer master i Data Science, og Erik Sjølund som tek ein master i Maskin, prosess og produktutvikling (Sivilingeniør). Begge dei to sistnemnde ved Fakultet for realfag og teknologi.

Frå lakseoppdrett og maskinlæring til interaktivt støykart

Salmogram brukar maskinlæring for å kjenna att individ og tilhøyrande individbaserte parametrar innan lakseoppdrett. Slik er det mogeleg å følga fisken heile vegen fram til slakt, og gir eit betre datagrunnlag gjennom heile verdikjeda.

"Internet Of Noise (ION) er eit kostnadseffektivt og robust system av sensorar (programvare og maskinvare) som generer eit interaktivt støykart," skriv Khrono i si framlegging av dei 18 prosjekta som får støtte. [saken fortset under bilda]

salmogram.jpg?itok=xc9E2_6o 

Salmogram. Frå venstre: Mathias Elvestad, Vetle Brekmo og Hågen Toverud.

Foto

Forskningsrådet

 ion_-_internet_of_noise.jpg?itok=vpc1hj-

ION. Frå venstre: Jon Nordby, Ole Johan Aspestrand Bjerke og Erik Sjølund.

Foto

Forskingsrådet

STUD-ENT-ordninga kan gi studentar med nyleg avlagt mastergrad inntil ein million kroner til å vidareutvikla ein forretningsidé. Utdanningsinstitusjonane stiller med mentor og hjelper  prosjekta med testfasilitetar, forskingsstøtte, arbeidsplass og hjelp til ulike aktivitetar i prosjektperioden.

Både i søknadsprosessen og for dei prosjekta som får støtte frå STUD-ENT er samspelet mellom undervisingsmiljøet og aktørar som Eik Idéverkstad, Inkubator Ås og Ard Innovation viktig. Sistnemnde opererer som Teknologioverføringskontor (TTO) på vegne av NIBIO og NMBU.

– Det er viktig med god rådgiving undervegs og kombinasjonen Eik Idéverkstad og Inkubator Ås her ved NMBU er veldig potent. Vi har mykje kompetanse å støtta oss på, og det er heilt gull å vera her på Eik. Samspelet mellom forsking, teknologikompetansen på Eik og forståing av behovet ute i marknaden - det er derfor vi er på Ås, sa Axel Zeiner, ein av gründerane som fikk støtte frå STUD-ENT-ordninga i fjor, etter fjorårets STUD-ENT-tildeling. 

 studenliv.jpg?itok=zmKPaibL

Eit fellestrekk ved alle NMBU-søknadar til Forskingsrådets Stud-Ent-program er at dei får mykje fagleg støtte, mellom anna frå Eik idéverkstad (bildet).

Foto

NMBU

Artikkelen er omsett frå bokmål, her er opprinneleg tittel og ingress:

Studentgründere fra NMBU får millionstøtte

To gründerprosjekter fra NMBU får millionstøtte fra Forskningsrådet til å videreutvikle sine forretningsideer.

Published 16. April 2019 - 15:01 - Updated 23. April 2019 - 15:56

 

Published 16. April 2019 - 15:01 - Updated 17. April 2020 - 10:47