Fulbright - utveksling med USA

Ein amerikansk lærarstudent skal vere tilknytta NMBU i eitt år, og to av stipendiatane våre er eller har vore i USA på utveksling gjennom Fulbright-programmet.

Fulbright - utveksling med USA

Fulbright-programmet er det internasjonale utvekslingsprogrammet til den amerikanske regjeringa. Det vart oppretta i etterkant av andre verdskrig, for å auka gjensidig forståing mellom folket i USA og andre land gjennom utveksling av personar og kunnskap.

Hilde Nikoline Hambro Dybsand

Dybsand er stipendiat ved Fakultet for miljøvitskap og naturforvalting. Ho skal det neste halve året halda til ved Colorado State University. Forskinga hennar fokuserer på naturbasert reiseliv, eit nytt og veksande vitskapleg felt i Noreg. Som ein del av doktorgradsarbeidet hennar vil ho søkja ei grundigare forståing av turistar som deltek i reiselivsopplevingar med dyr i naturen, og samspel mellom menneske og dyreliv.

Kine Josefine Aurland-Bredesen

Aurland-Bredesen tek doktorgrad innan feltet økonomi. Ho er knytt til NMBU Handelshøgskolen. Forskinga hennar fokuserer på handtering av katastroferisiko, optimal styring av katastrofar når politiske tiltak er avhengige av kvarandre. Hausten 2018 hadde Aurland-Bredesen eit opphald ved UC Berkeley.

 

Kelly Fisher skal tilbringe ett år på utveksling i Norge.

Kelly Fisher skal tilbringe ett år på utveksling i Norge.

Foto
privat

Kelly Fisher

Fisher er til dagleg knytt til We Schools, som er drive av WE Charity. Organisasjonen har til føremål å læra studentar om globale utfordringar. Han vil vera lærarassistent innan amerikansk historie og kultur ved Ås vidaregåande skule, og jobba ved NMBUs skrivesenter og Fakultet for landskap og samfunn. Han vil gje leksjonar og presentasjonar for studentar og elevar i vidaregåande skule.

Fulbright-programmet har vore aktivt i Noreg sidan 1949. Både norske og amerikanske regjeringar støttar programmet med årlege tildelingar av middel. Førstelektor ved Fakultetet for landskap og samfunn William Warner vart i desember utnemnt til styremedlem i U.S.-Norway Fulbright Foundation Board of Directors for ein tre års periode.

Kvart år mottek ca. 40 nordmenn stipend for å studera, undervisa eller utføra forsking i USA, og rundt 30 amerikanarar får tilskott til å gjera det same i Noreg. Studentar på master- og doktogradsnivå og forskarar er kvalifisert til å søkja.

Published 28. February 2019 - 12:41 - Updated 28. February 2019 - 12:41