NMBU bygger nytt fjørfehus på Ås

Universitetsstyret vedtok i dag å starta utbygginga av det nye forsøkshuset for forsking og utdanning på fjørfe på Ås gard. Bygget skal stå ferdig allereie neste år.

NMBU bygger nytt fjørfehus på Ås

Det er NMBU og ei samla fjørfenæring som står bak plana for eit bygg på ca. 1400 m2 . Kostnadsramma er på 35,5 mill. kroner.

Tegning av den nye fjørfebygningen på Ås gård.

Tegning av den nye fjørfebygningen på Ås gård.

Foto
NMBU

Nye faglege høve

– Vi er svært glade for å få på plass denne viktige delen av Senter for husdyrforsøk, Ås gard. Med etableringa av Fjørfebygget får NMBU fasilitetar for forsking og utdanning på eit stadig viktigare dyreslag. Dette gjev nye faglege høve for NMBU og er ei viktig plattform for fagleg samarbeid, både mellom ulike fagmiljøer på NMBU og med eksterne aktørar, seier rektor Mari Sundli Tveit.

Forsøksverksemd på fjørfe og egg

Det er Senter for husdyrforsøk (SHF) som skal drive forsøkshuset, blant anna gjennom forsøksverksemd på fjørfe og egg på oppdrag frå NMBU, forskingsinstitutt og næringsaktørar.

 

Tomta til ny fjørfebygning på Ås gård, NMBU.

Tomta til ny fjørfebygning på Ås gård, NMBU.

Foto
Morten Ellingsen

Byrjar byggeprosessen umiddelbart


Fjørfenæringa er representert ved Nortura SA, Kjøt- og fjørfebransjen sitt landforbund (KLF), Felleskjøpet Agri SA, Felleskjøpet Rogaland Agder SA, Felleskjøpet fôrutvikling AS, Norgesfôr AS og Fiskå Mølle AS.
Desse aktørane har forplikta seg til å betale byggekostnaden i løpet av ein periode på seks år, og har gjeve oppdragsgaranti over ein periode på fem år.

Planen er no å starte byggeprosessen allereie i desember 2018 med ferdigattest innan 31.12.2019.

 

Published 6. desember 2018 - 16:19 - Updated 17. januar 2019 - 11:18