Viktig kartlegging av studentar si helse og trivsel

Av Kristine Løwe

SHOT-undersøkelse
SHOT-undersøkelseFoto: SHOT-kampanje

Studentane si Helse- og Trivselsundersøking (SHoT) kartlegg studentane si helse og trivsel i brei forstand, med hovudvekt på psykososiale forhold. Dette er Noregs største studentundersøking om temaet.

– NMBU-studentane verkar å vera godt nøgde med studiane. Det ser ut til at dei opplever å verta tekne enda betre imot enn før og trivst generelt bra også utanfor studiane. NMBU ligg høgare enn landsgjennomsnittet på desse områda. Det er vi sjølvsagt glade for, seier Sundli Tveit.

– Men det er likevel ikkje grunn til å ropa hurra. Fleire av funna fortel oss at det er mykje vi må fortsetta å jobba aktivt med. For mange opplever seksuell trakassering, psykiske plager og einsemd. Slik skal det ikkje vera, understrekar ho.

Føler seg godt mottekne

92.6 prosent av dei som svara på undersøkinga ved NMBU følte seg godt mottekne på studiet, mens landsgjennomsnittet ligg på 88.4 prosent.

Tilfredsheita med fadderordninga ved NMBU generelt i årets undersøkinga var på 75 poeng, noko som ligg godt over landsgjennomsnittet på 69 poeng.

Framleis ein veg å gå

– NMBU gjer det betre enn landsgjennomsnittet på mange punkt. Men det må ikkje vera ei kvilepute. Det viktige er at vi tek studentane våre på alvor. For her er det fleire triste og alvorlege funn, seier studenttingsleiar Tord Hauge ved NMBU.

På landsbasis ligg talet på studentar med det som kan karakteriserast som alvorlege psykiske plager ifølge SHoT-undersøkinga på 29 prosent. Ved NMBU er talet 22 prosent. På spørsmål om "kor ofte føler du deg utafor, isolert, eller saknar nokon å vera saman med?" svarar 30 prosent på landsbasis ofte eller svært ofte, mens svarprosenten er 28 prosent ved NMBU.

Studentleiaren meiner NMBU blant anna må sjå på koss vi legg opp studiet og kva for vurderingsformer som blir bruka når dei skal leita etter gode tiltak her.

– No føler mange eit press mot å prestera heller enn å læra. I tillegg må vi sjå på koss vi jobbar med det sosiale, både i klassemiljøet og i livet på universitetet, påpeiker han.

NMBU får studentombod

– Det er ganske tydeleg at det ein bør tenkja nytt i sektoren kring psykisk helse. Dette gjeld alle institusjonane. Samtidig må vi sjølvsagt fortsette det gode arbeidet som vi allereie gjer gjennom mottak av studentar, fadderveker og andre sosiale tiltak. Det er også bra at vi veldig snart får på plass eit studentombod, påpeikar Sundli Tveit.

Om ikkje så lenge får studentane ved NMBU nemleg sitt eige studentombod.

Tilsettingsprosessen for det nye ombodet, ei 100 prosent stilling som skal dela arbeidet likt mellom NMBU og Høgskolen i Østfold, er allereie i gang. Første intervjurunde vart gjennomført førige uke.

For mange opplever seksuell trakassering

For første gong har SHoT-undersøkinga også spurt norske studentar om opplevingar med seksuell trakassering.

På nasjonalt plan opplyser éin av fire studentar å ha vorte utsett for ei eller anna form for seksuell trakassering i løpet av studietida, men dette er i stor grad utanfor studiestaden.

– Ein av fire seier dei har opplevd seksuell trakassering. Talet burde vore null. Derfor må vi fortsette det forebyggande arbeidet på dette området som vi har starta saman med studentane og Studentsamskipnaden, seier Sundli Tveit.

Studentleiaren påpeikar at det på dette området er spesielt viktig å gjera det enkelt å varsla.

– Men det er jo ikkje eit førebyggjande tiltak. Skal vi forebygga, må vi jobba meir med å spreia informasjon og bevisstheit både blant tilsette og studentar knytt til dette med uformell makt og skeiv maktbalanse, seier han.

Høg svarprosent blant NMBU-studentar

– For NMBUs del er svarprosenten på SHoT-undersøkinga høg. Det betyr at resultata i stor grad er representative og at dette er eit viktig kunnskapsgrunnlag for oss når vi skal jobba vidare med tiltaka for studentane si helse og trivsel, seier NMBU-rektor Mari Sundli Tveit.

Svarprosenten ved NMBU var 52,60 prosent (noko som utgjer 1804 respondentar), betydeleg over landsgjennomsnittet på 30,8 prosent. Totalt svarte over 50,000 studentar på SHoT 2018-undersøkinga.

 

Fakta

Det er Folkehelseinstituttet som har gjennomført undersøkinga og analyserer resultata i 2018 på oppdrag frå studentsamskipnadane Sit, SiO, og Sammen.

Målgruppa for SHoT er alle heiltidsstudentar under 35 år i Noreg med norsk statsborgarskap. Norske studentar i utlandet er også inkludert.

Blant deltakarane i årets Shot-undersøking totalt på landsbasis er 69,1 prosent kvinner og 30,7 prosent menn, mens 0,2 prosent gir opp anna kjønnsidentitet.

Den Nasjonale og den lokale NMBU SHoT-rapporten finn du her under mellomtittelen "Læringsmiljø- /trivselsundersøkingar"

Denne artikkelen er omsett frå bokmål:

Viktig kartlegging av studenters helse og trivsel

En ny studentundersøkelse om helse og trivsel viser at NMBU-studentene er mer fornøyde enn landsgjennomsnittet, men rektor påpeker at det fortsatt er mye å jobbe med.

Publisert - Oppdatert

Del på