Ser god moglegheit for jobb med utdanning frå NMBU

Av Mette Risbråthe

Studentar ved NMBU på vei til campus.
Studentar ved NMBU på vei til campus.Foto: Benjamin Ward

I den årlege undersøkinga Studiebarometeret uttrykker studentane ein tryggleik for at dei får jobb etter at dei er ferdig med studiet. Dette heng godt saman med andre undersøkingar, som viser at heile 9 av 10 av våre kandidatar får relevant jobb.

Resultat for hovudområda (Indekser) i studiebarometeret 2015, 2016 og 2017.
Resultat for hovudområda (Indekser) i studiebarometeret 2015, 2016 og 2017. Foto: NOKUT

Eit av programma som har fått best skotsmål er master i Entreprenørskap og innovasjon, der heile 83% av masterstudentane har svart.

9 av 10 får relevant jobb

Nøgde studentar
– I tillegg til at dei fleste av emna i studiet held eit høgt fagleg nivå, har masterstudiet i Entreprenørskap og innovasjon nokre særpreg som etter mitt syn bidrar sterkt til den heilskaplege kvaliteten som er på studieprogrammet. For det fyste blir opptaket gjort på bakgrunn av intervju og motivasjonsbrev med mål om å sette saman eit spennande klassemiljø med ulik utdannings- og erfaringsbakgrunn. Det er ein stor grad av prosjektarbeid i tett samarbeid med ulike verksemder og oppstartfirma som gir ein praktisk bruk av det vi har lært, og erfaringar i ei trygg ramme og med kontinuerlig rettleiing frå dei vitskapelege tilsette og studentmentorar frå trinnet over. Studieprogrammet er på fleire område unikt, og eg unner framtidige studentar å erfare den same kvaliteten som eg sjølv og mitt kull har erfart, sjølv om den naturligvis er avhengig av at det blir satsa tilstrekkelege midlar slik at koordineringa av alle aktivitetane i studiet oppretthaldast og blir vidareutvikla, seier Ole Martin Steien, som går andre året master.

Har jobba systematisk
– Eg er stolt og glad for at så mange av våre studentar uttrykker at dei er nøgde med programmet. Vi har jobba kontinuerlig med å betre studiet i nær dialog med studentane våre heile vegen. Vi har blant anna satt i gang ei mentorordning, seier Elin Kubberød, som er leiar for programmet. Ho seier at løyndomen blant anna ligg i å skape eit sosialfagleg miljø frå dag ein. Faggruppa jobbar mot ei felles forståing av korleis læringsaktivitet og fag skal henge saman, og dette skjer i nært samarbeid med studentane.

– Faggruppa bak masterprogrammet på Handelshøgskulen har gjort ein formidabel jobb i å lage eit godt læringsmiljø for masterstudentane i Entreprenørskap og innovasjon. Etter ein ekstern evaluering av programmet for eit par år sida, har dei gjort det markant betre på mange område i undersøkinga. Eg håpar at vi vil sjå fleire slike tiltak som følge av evalueringsarbeidet av NMBU sine program framover, seier prorektor for utdanning Solve Sæbø.

Studentane les meir
For NMBU sett under eitt er det få endringar frå tidligare år. Vi fikk 51% svar og skårar jamt over gjennomsnittet.

Ei endring i positiv retning er at studentane seier at dei brukar meir tid på studia, så mykje som over ein time meir frå dei to tidlegare åra. Aukinga er både i dei organiserte aktivitetane (undervisning, rettleiing og praksis) og dei ikkje-organiserte læringsaktivitetane (lese pensum, gjere oppgåver, delta i gruppearbeid).

– Dette er ei gledeleg utvikling sidan det tyder på at studentane lærer meir enn før, om vi går ut i frå at dei nyttar tida godt og brukar gode læringsmetodar. Aukinga ser ikkje ut til å påverke kor mykje studentane jobbar ved sida av studia, seier Sæbø.

Publisert - Oppdatert

Del på