NMBU får FRIPRO Toppforsk-prosjekt

  • NMBU får FRIPRO Toppforsk-prosjekt
    Foto
    Håkon Sparre, NMBU

Forskingsgruppa rundt Sigbjørn Lien er tildelt FriPro Toppforsk frå Forskingsrådet. Det betyr meir kunnskap om laksefisk.

NMBU får FRIPRO Toppforsk-prosjekt

– Dette er ei veldig hyggeleg melding! Vi ser fram til å vidareføra arbeidet vårt gjennom dette prosjektet, og samtidig styrka det med ytterlegare tri stipendiatar og ei post.doc-stilling. Utnemninga gir oss musklar i det vidare arbeidet, og vil bidra til å styrka vårt internasjonale nettverk, seier professor Sigbjørn Lien ved NMBU.

Meir kunnskap om laksen

Grunnforskingsarbeidet går ut på å studera repetert DNA i arvestoffet i heile familien av laksefisk. Siktemålet er å få ei betre forståing av funksjonen åt genomet i dei ulike artane. 

– Prosjektet vil styrka forståinga vår for korleis ny DNA-variasjon oppstår og gir opphav åt nye funksjonar. I neste omgang vil denne kunnskapen kunna brukast til å forstå korleis variasjon i arvestoffet påverkar sjukdommar, resistens mot lus og kvalitet på laksefileten, seier Lien.

Prosjektet fikk full score på alle vurderingskriteria i Forskingsrådet.

Ein del av ein langtidsplan
FRIPRO Toppforsk er eit spleiselag mellom Forskingsrådet og institusjonane, og er ei ope og fri utlysing. Med FRIPRO Toppforsk kan gode forskingsmiljø søkja om ekstra romsleg og langsiktig finansiering. Midla skal gjera det muleg å bli internasjonalt leiande.

– Med denne tildelinga har det i løpet av to år vorte investert halv annan milliard kroner for å byggja opp verdsleiande forskingsmiljø i Noreg. Regjeringa satsar langsiktig på å byggja opp verdsleiande fagmiljø her i landet, og dette er ei av prioriteringane i vår langtidsplan for forsking. Derfor la vi inn ein vekst av FRIPRO i Statsbudsjettet for 2018 for å få til dette. Eg ser fram til å sjå resultata av Fellesløftet om nokre år, seier forskingsminister Iselin Nybø.

Sigbjørn Lien er prosjektleiar for det nye prosjektet, og har blant anna med seg Simen Rød Sandve, Matthew Kent og Nicola Barson i forskargruppa.

Tittel på prosjektet: TRANSPOSE: Transposable elements as agents of genome evolution and adaptation following a recent whole genome duplication.

Published 31. januar 2018 - 8:00 - Updated 13. April 2018 - 11:12