Dirigerer regnvatnet for å unngå flaum

Av Kristine Løwe

Ny forsking syner korleis dagens avløpssystem og superpresise vêrmeldingar kan brukast til å handtera flaum mykje meir effektivt enn i dag.

Klimaendringane gir ikkje berre meir regn, men òg meir intens nedbør med mykje regn på kort tid. I byar kor vi byggjer stadig tettare, skapar det problem. Meir asfalt og fleire hus gjer at det blir vanskelegare for vatnet å finna naturlege vegar ned i bakken. Med det får avløpssystema ein stadig meir krevjande jobb med å hindra flaum.

– Å byggja røyrsystem er kostbart. Av den grunn ville vi undersøkja om det var mogleg å utnytta eksisterande leidningsnett betre enn i dag, seier Harsha Ratnaweera, professor i vatn- og miljøteknologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Gjennom forskingsprosjektet «Regnbyge 3M» er det utvikla eit heilt nytt varslings- og styringsverktøy som skal bidra til at totalkapasiteten i dagens avløpssystem vert meir effektivt. Utprøving i Drammen har gjeve lovande resultat.

Les heile saka hos Forskning.no

Klimaendringer betyr mer nedbør. I byer med mye asfalt finner vannet nye veier.
Klimaendringer betyr mer nedbør. I byer med mye asfalt finner vannet nye veier. Foto: Shutterstock

Fakta

«Regnbyge 3M» er eit NMBU-leda forskingsprosjekt kor ein ser på avløpssystemet under eitt og korleis ein best kan optimalisera.  Føremålet er å redusera overløp, flomskadar, forureiningsutslepp og ressursbehov for framtidig kapasitetsauke ved heilskapleg overvaking, modellering og aktiv styring av avløpsstraumar for leidningsnett, reinseanlegg og resipient. 

Les meir om prosjektet her.

Publisert - Oppdatert

Del på