Du kan rekna ut faren for flaum i huset ditt

  • Klimaendringer betyr mer nedbør. I byer med mye asfalt finner vannet nye veier.
    Foto
    Shutterstock

I framtida kan du på førehand rekna ut kor utsett huset ditt er for flaum før du vert ramma. Dette kan vera av interesse både for deg som privatperson, men òg for kommunar, utbyggjarar og forsikringsselskap.

 

 

Du kan rekna ut faren for flaum i huset ditt

Geir Torgersen har studert skadar som oppstår ved korte, intense regnskol i byområde der avløpssystema ikkje klarar å ta unna vatnet. Han tok nyleg doktorgrad ved NMBU – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, og arbeider til dagleg som dekan ved Høgskolen i Østfold.

– Byer er spesielt sårbare for flaum. Tette areal som tak og mykje asfalt gjer at nedbøren ikkje kan verta filtrert i grunnen, men fort vert samla i store vatnstraumar som kan ta ugunstige vegar. Når vi i tillegg opplever at ureinsa kloakk renner inn i kjellarar er katastrofen total, seier Torgersen.

Geir Torgersen har teke doktograd på flaum i byar.

Foto
Bård Halvorsen

Modell som reknar ut faren

I arbeidet sitt har Geir Torgersen undersøkt koss utforming av terrenget rundt bygninga påverkar risikoen for å verta utsett for flaum. Han har undersøkt mange hus i Fredrikstad. Halvparten av desse har hatt registrerte skadar frå flaum.

– Eg har kartlagt kva som kjenneteiknar hus som har hatt overfløyming, og sett på terrenget rundt huset, som kurver, skråningar, kor høgt husa ligg i terrenget mm, seier Torgersen. Med desse datakjeldene har han laga ein modell som kan brukast for å vurdera kor stor fare det er for flaum i eit område.

Nyttig for mange

Modellen plasserast inn i eit digitalt kart. Kartet kan brukast av fleire partar:

  • Kommunane kan med denne modellen både kalkulera faren for for stor vassføring ved planlegging av nye bustadområde og ta omsyn åt dette når dei rehabiliterer avløpsanlegg.
  • Forsikringsselskap kan berekna risikofaktorar og justera forsikringspremiar etter kor huset ditt ligg og kva for tiltak du har sett i stand for å sikra deg mot flaum.
  • Kvar enkelt innbyggjar kan planleggja for tiltak som unngår flaum både for sitt eiga hus og for naboen. Du kan òg leggja til informasjon om sjølve huset: Har du kjellar, er huset arkitektteikna, steinlagt gardsplass, heilning på vegen og drenering ved huset?

Ein stor del av Torgersens arbeid har vore å analysera skadedata frå forsikringsselskapa for å finna kjenneteikn ved skadar som faktisk har skjedd. Erfaringar frå stadar og hendingar med mykje skade kan gi verdifull informasjon som kan brukast til å redusera risikoen for framtidige skadar. Analysane kan bidra til å klassifisera bygningar som er utsette. Det kan vidare gjera at bebuarar som er i faresona kan bli bevisste på dette og motiverte til sjølve å gjera forebyggande tiltak.

Asfalt og hustak i byer bidrar til at vannet ikke filtreres i bakken, men finner nye veier.

Foto
Ole Petter Skallebakke

Våtare og villare

Skadar etter ekstremvêr har fylt nyheitsbildet denne hausten. Mellom anna har vi sett koss orkan og mykje regn har ført til store øydeleggingar på dei karibiske øyer og i fleire av landa kring Mexicogolfen. Vi har enno ikkje opplevd tilsvarande tilstandar i Noreg eller Skandinavia. Men etter ei av dei verste hendingane med store mengder nedbør over Københamn sommaren 2011, vart skadane estimert til opp mot seks milliardar danske kroner. I Noreg har Agderfylka og Telemark vorte spesielt kraftig ramma dei siste vekene, og ein talar om skadar for over ein halv milliard kroner.

Forskarar over heile verda er samde om at vi også i vår del av verda går mot eit våtare og villare klima. Kvart år er det flaum i Noreg.

Den største kostnaden ved ein flaum er naturleg nok reparasjon av dei materielle skadane. I doktorgradsarbeidet har Torgersens òg sett på moglegheita for å estimera ein «utryggheitskostnad».

Ei psykisk belastning

Torgersen har òg sett på den psykiske belastninga overfløyming i byar har for den enkelte huseigar.

I ein verdsettingsstudie har meir enn 1000 personar svara på spørsmål knytt til utryggheit for flaum. Han ser ein klar samanheng mellom dei som har opplevd å ha hatt flaum og villigheita til å betala for å sleppa at det gjentek seg. Med å inkludera denne «kostnaden», kan det forsvarast å ha høgare investeringar i førebyggjande tiltak.

 

– Tenk på den psykiske belastninga det er for ein som har opplevd dette å grua seg for neste store regnskol, fordi du kanskje får kjellaren full av vatn. Når førebyggjande prosjekt skal verta prioriterte, bør kommunar i større grad vera medvitne om den psykiske belastinga og tap av livskvalitet som ein flaum i eigen bustad fører med seg. Dette er ein «kostnad» som ofte vert gløymd, men som for samfunnet som heilheit blir eit tillegg til det som det kostar å reparera alle dei materielle skadane, seier Torgersen.

 

Published 2. november 2017 - 9:41 - Updated 7. April 2020 - 7:59