NMBU vant Utdanningskvalitetsprisen 2016

  • Glade prisvinnere fra NMBU mottok prisen på NOKUTs konferanse "Utdanningsfest" 1. november 2016.

    Glade prisvinnarar frå NMBU mottok prisen på NOKUTs konferanse "Utdanningsfest" 1. november 2016.

    Foto
    Foto: NOKUT

I går fikk NMBU og Institutt for plantevitskap tildelt Utdanningskvalitetsprisen 2016 frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, for sitt arbeid med utdanninga av agroøkologar.

NMBU vant Utdanningskvalitetsprisen 2016

Langsiktig arbeid med betring og justering av undervisingsmetodar gir resultat. Dei siste femten åra har tilsette ved Institutt for plantevitskap jobba målretta for å stadig forbetra utdanningsmetodane slik at studentane ved masterprogrammet for Agroøkologi skal få stadig betre læringsutbytte.

 

– Ei tillitserklæring som gir energi til vidare arbeid

Arbeidet har resultert i «Modell for handlingsorientert læring» (Action learning model). Undervisingsmodellen har vore populær blant både studentar og undervisarar, og no har han òg fått heider frå NOKUT (Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga). Under årets Utdanningsfest vart «Modell for handlingsorientert læring» kåra til årets vinnar av Utdanningskvalitetsprisen blant 13 nominerte.

– Dette er ein flott heider og ei tillitserklæring frå eit internasjonalt undervisingsmiljø som har gjort ei grundig vurdering av alle dei nominerte. Denne prisen gir energi og inspirasjon til vidare arbeid, og vi vil bruka dette for å satsa endå meir, seier professor Geir Hofgaard Lieblein ved Institutt for Plantevitskap.

 

– Eit totalt skifte av fokus frå fag til student

Han fortel at «Modell for handlingsorientert læring» rettar seg mot å utvikla evnene studentane har til dialog, observasjon, visjonstenking, refleksjon og deltaking og at kvart av desse temaa har fått utvikla spesifikke læringstiltak som til dømes observasjonsvandringar, hyppige refleksjonsoppgåver, gjennomgåande bruk av case og seminar og workshops. Dette har betydd ei stor omvelting for måten undervisinga har gått føre seg på:

– Ja, dette er ikkje så ukomplisert som det høyrest ut som. Vi har hatt eit totalt skifte av fokus frå fag til student når det gjeld utdanninga. Agroøkologen vart viktigare enn agroøkologien, seier Lieblein.

 

- Legg til rette for livslang læring

I arbeidet med modellen stilte dei seg eit heilt ope spørsmål: Kva kan vi gjera for å legga til rette for utvikling av kompetanse og livslang læring? Svaret vart omfattande.

– Vi måtte snu oss 180 grader bort frå fokus på fag og førelesingar til eit arbeid med å legga til rette for læring. Vi gikk frå fokus på kva vi trong å seia og dekka på førelesingane til fokus på kva studentane trong å vita og gjera for å vera ein god aktør innan yrket sitt. Vi skal læra saman, og utvikla heile personen og korleis kvar enkelt identifiserer seg med faget, seier Lieblein og fortel at studentane har gitt gode tilbakemeldingar på undervisingsmodellen.

Lieblein legg til at dette ikkje berre er ein heider av denne eine modellen, som er utvikla innanfor masterprogrammet i agroøkologi, men av NMBU som har oppmuntra til ei slik utvikling.

– Denne modellen ligg svært nært opp til NMBUs læringsfilosofi, så prisen er ein tillittserklæring åt denne, seier Lieblein.

 

Prisen skal stimulera til auka kvalitet

Kunnskapsdepartementets Utdanningskvalitetspris er på 1 million kroner og forvaltast av NOKUT. Prisen går i sin heilskap til eitt tiltak. Føremålet med Utdanningskvalitetsprisen er å påskjønna ypparleg arbeid med utdanningskvalitet i norsk høgare utdanning, og stimulera institusjonane og fagmiljøa til systematisk arbeid med å vidareutvikla kvaliteten på utdanningane sine, skriv NOKUT på nettsidene sine.

Published 2. november 2016 - 9:29 - Updated 8. juli 2020 - 11:47