NMBU-studentar til topps i Norsk Studentorganisasjon

  • Pål Adrian Ryen og Madeleine Sjøbrend fra NMBU ble i helgen valgt inn i ledelsen til Norsk Studentorganisasjon (NSO).
    Foto
    Eivind Norum

Pål Adrian Ryen og Madeleine Sjøbrend frå NMBU vart i helga vald inn i leiinga til Norsk Studentorganisasjon (NSO).

NMBU-studentar til topps i Norsk Studentorganisasjon

 

Pål Adrian Ryen, leiar av Studenttinget NMBU og masterstudent i Naturbasert Reiseliv, vart denne helga valt til ny nestleiar i Arbeidsutvalet (ASO). Arbeidsutvalet skal leia NSO i perioden 2016/17. Madeleine Sjøbrend, masterstudent i Entreprenørskap og Innovasjon, vart valt inn i ASO som fag- og forskingspolitisk ansvarleg.

- Eg er veldig begeistra over at vi har fått inn to NMBU-studentar i leiinga til NSO, som gjer ein svært viktig jobb. Eg er veldig glad og stolt for at dei vil gjera ein slik innsats nasjonalt. Eg veit jo at dei er gode: Dei har gjort ein fabelaktig jobb her ved NMBU, seier NMBU-rektor Mari Sundli Tveit.

Marianne Andenæs frå Universitetet i Oslo(UIO) vart vald som ny NSO-leder.

Norsk studentorganisasjon (NSO) er ein nasjonal interesseorganisasjon for 33 ulike studentdemokrati ved norske universitet og høgskular. Totalt har institusjonane der NSO har medlemsslag om lag 230.000 studentar.

Les meir om det nye NSO-styret hos Khrono og NSO.

 

Pål Adrian Ryen og Madeleine Sjøbrend fra NMBU ble i helgen valgt inn i ledelsen til Norsk Studentorganisasjon (NSO) for perioden 2016/17.
Pål Adrian Ryen og Madeleine Sjøbrend fra NMBU ble i helgen valgt inn i ledelsen til Norsk Studentorganisasjon (NSO) for perioden 2016/17.
Foto
Faksmile

Denne artikkelen er omsett til nynorsk:

NMBU-studenter til topps i Norsk Studentorganisasjon

Pål Adrian Ryen og Madeleine Sjøbrend fra NMBU blei helga valgt inn i ledelsen til Norsk Studentorganisasjon (NSO) for perioden 2016/17.

Published 25. April 2016 - 16:24 - Updated 12. mai 2020 - 10:59