Derfor kunne ikkje NMBU kjøpa Follo dyreklinikk

Av Kristine Løwe

- Dessverre vart prisen for høg og det lét seg ikkje gjera økonomisk, seier NMBUs prorektor. Her forklarer NMBUs leiing meir om kvifor kjøpet ikkje lét seg gjennomføra.

Østlandets blad har ei sak i dag der veterinærstudentane uttrykkjer skuffelsen sin over at NMBU ikkje kjøper Follo dyreklinikk for å bidra til å sikra pasientgrunnlaget til Universitetsdyresjukehuset sine klinikkar ved flytting til Campus Ås (ligg her, men bak betalingsmur). Saka vart først teken opp i Universitas.

Prorektor ved NMBU Halvor Hektoen har sjølv bakgrunn som prorektor ved Noregs veterinærhøgskule. I ei fråsegn til Austlandets blad seier han: 

- Vi har lenge sett på moglegheita for å kjøpa ein dyreklinikk, og vi har vurdert det som ei god løysing. Dessverre vart prisen for høg og det lét seg ikkje gjera økonomisk. Det beklagar vi. No må vi bruka åra fram til den fulle samanslåinga til å jobba hardt med å sikra pasientgrunnlaget på andre måtar.

Hektoen vil ikkje gå i detalj på kva andre moglegheiter NMBU har, men han understrekar at temaet har vore høgt prioritert gjennom heile fusjonsprosessen.

- Saka har lege framme heile vegen, og pasientgrunnlaget har vore ein sentral diskusjon heilt sidan prosessen starta i 2008. Eg garanterer at denne saka har den aller høgaste prioriteten for leiinga i universitetet, seier han.

Sett frå utsida kan det vera vanskeleg å sjå at NMBU ikkje har middel til å kjøpa Follo dyreklinikk med ei budsjettramme på over ein milliard.

Men faktum er at NMBU ikkje har lov til å nytta ordinære middel til å kjøpa aksjar i eit AS, i dette tilfellet Follo dyreklinikk.

Reglane i staten er klare på dette feltet.

NMBU kan berre bruka verksemdskapitalen sin, det vil seia overskot frå 100% eksternfinansiert aktivitet, til dette. Med andre ord kan NMBU ikkje bruka midla vi får frå Kunnskapsdepartementet til eit slikt kjøp.

NMBU har cirka 23 millionar i verksemdskapital. Over halvparten av denne kapitalen er bunde opp, og det gikk altså ikkje å frigjera nok pengar til å komma opp med eit tilbod som kunne konkurrera med eit tilbod frå ein annan aktør.

- NMBU er heilt avhengig av å ha eit godt pasientgrunnlag på plass frå første dag i det nye Universitetsdyresjukehuset på Campus Ås. Det er undervisinga vår avhengig av, og det skal vi sikra før innflytting i 2019,  seier NMBU-rektor Mari Sundli Tveit.

- For leiinga i universitetet er det heilt uaktuelt å setja veterinærutdanninga si internasjonale akkreditering i fare på nokon måte. Eg garanterer for at vi finn ei god løysing, avsluttar ho.

Publisert - Oppdatert

Del på