Sopp og insekt ryddar skogvegen

Insekt tek med sporar av sopp frå tre til tre, der dei saman bryt ned død ved.

Sopp og insekt ryddar skogvegen

Doktorgradsstipendiat Rannveig M Jacobsen.

Foto
Benjamin A. Ward / HiOA
Soppen lagar alkohol saman med kvaa i døde tre. Dette tiltrekker insekt under barken, som nyt godt av både sprit og sukker. Etter dei har forsynt seg av søtsakene dreg dei vidare til neste tre, sannsynlegvis med sporar - mikroskopiske formeringseiningar - frå soppen.

Slik kan soppen formere seg på ny osp.

Sidan i fjor haust har Rannveig Jacobsen, entomolog og doktorgradsstipendiat ved Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU), studert insekt og sopp på død osp i Austmarka og Nordmarka utanfor Oslo.

Ho vil blant anna finne ut om enkelte soppartar er avhengige av insekt for å spreie seg.

- Vi lurar på om enkelte soppartar vert spreidd med insekt, heller enn med vinden. Det burde jo vere ein fordel å kunne ”haike” med insekt som kan flyge målretta til ein trestokk, heller enn å kaste sporane ut i vinden og håpe at dei treff blink. Særleg skulle ein tru at ”haiking” vil vere ein fordel for sopp som er spesialisert på tresortar det ikkje finnast så mange av i skogen, som til dømes osp, seier Jacobsen til forskning.no. Les hele saken hos Forskning.no her.

Published 6. januar 2015 - 9:33 - Updated 23. mai 2017 - 19:25