Matvitarpodden - ein podkast laga av studentar

– Matvitarpodden er eit resultat av interesse, engasjement og eit ønske om å formidla kunnskap på eit vitskapeleg grunnlag. Alle menneske har eit forhold til mat, og dei aller fleste har meiningar om det. Dette er bakgrunnen for korfor vi ønska å læra meir om kontroversielle – og mindre kontroversielle tema kring matvitskap, seier Stine Anthonisen.

Ho har starta Matvitarpodden saman med to medstudentar på masternivå i matvitskap. Bachelorutdanninga har dei teke på ulike stader. Siv Maria Nguyen har studert matteknologi ved NTNU, Carina Wiker Holmemo har ein bachelor i ernæring frå Høgskulen Kristiania og Stine Anthonisen tek heile utdanninga si ved NMBU. Dette gjer at dei samla sit på tverrfagleg kunnskap om matvitskap.

– Til å starta med tala vi om spanande, matrelaterte tema under kollokviar og middagar: Koss skal det vi lærer på førelesing enklast mogeleg nå ut til folk på gata? Korfor er det viktig at vitskap vert formidla på ulike arenaer i samfunnet? Og koss kan vi bidra til at nettopp dette skjer? Dette var spørsmål vi stilte oss, og som var starten til etableringa av podkasten, fortel Stine Anthonisen.

Dei inviterer føredragshaldarar og andre aktuelle fagpersonar til å delta og til å svara på spørsmål som dei tenkjer fleire enn dei funderer på.

Dei tri første episodane er lanserte. Temaene er:

Genmodifisering
Klima: kjøt versus planter
Mjølk 

 

 

Her kan du følgja podkasten på Spotify og Matviterpodden på Instagram

Published 10. April 2019 - 12:57 - Updated 20. juli 2021 - 13:49