Sølvplassering i årets lærebedrift

Jan Halvorsen er lærlingkoordinator ved NMBU. Her får han pris for pallplass i Årets lærebedrift 2018.

Foto
NMBU

Førre veke vart "årets beste lærebedrift 2018"  kåra. NMBU fikk ein andre plass, rett etter Ringnes supply company. På tredjeplass kom C. P. Sand transport.

Det er Jan Halvorsen som er lærlingkoordinator ved NMBU. Han har jobba med lærlingprogrammet i rundt 13 år, og brenn for å gi ungdommane moglegheiter.

– Eg har gjennom alle desse åra sett at elevane kjem inn som unge, forsiktige gutar og jenter og avsluttar lærlingperioden sin som unge menn og kvinner. Det er like inspirerande kvar gong å sjå kva for modningsprosess dei har vore igjennom på to år, seier Jan Halvorsen.

NMBU har lærlingar innan fleire område, mellom anna røyrleggar, elektrikar, kontor og industrimekanikar.

I år delte fylkeskommunen for første gong ut utmerkinga «Årets lærebedrift» til ei bedrift som skapar positiv merksemd om fagopplæring i arbeidslivet og motiverer fleire verksemder til å ta inn lærlingar og lærekandidatar. Forslag til kandidatar var innhenta frå bransjen sjølv, lærlingar og publikum. Det var altså ein tidlegare lærling ved NMBU som nominerte oss. 

Eit stort ansvar

Å vera ei lærlingbedrift medfører eit stort ansvar. Jan Halvorsen er oppteken av å kopla fagansvarlege og lærlingar. Dei skal jobba tett saman i to år, så det er viktig at dei trivst saman. Derfor er det intervju og møter i forkant før kontrakt vert underskrive. Dei fagansvarlege får ekstra betalt for å følgja opp ein lærling, men har òg eit stort ansvar.

– Lærlingplassen er det første møte med arbeidslivet for ungdommen, og miljøet lærlingane blir ein del av er vel så viktig som den jobben dei skal utføra. Det er mange ting dei skal setja seg inn i, seier Halvorsen. Derfor inviterer han òg lærlingane til kurs utanom dagleg arbeid. Ås helsestasjon held fleire kurs mellom anna om psykisk helse, kosthald og sex og samliv. DNB kjem kvart år og snakkar om personleg økonomi.

– Eg føler meg privilegert som får lov til å jobba med dette, og eg har fått full fridom frå arbeidsplassen min til å laga eit opplegg. Det har eg sett stor pris på, seier Jan Halvorsen. Sølvplasseringa vitnar om at han har gjort mykje riktig i dei åra han har koordinert arbeidet.

 

Vi gratulerer!

 

Published 2. April 2019 - 12:37 - Updated 20. juli 2021 - 13:48