Følgde gründardraumen, gir NRK gode råd

Åsmund Møll Frestad
Åsmund Møll FrestadFoto: Invent2

Tidlegare NMBuer Åsmund Møll Frengstad har vågd å satsa på gründardraumen. Høyr rådet hans fire onsdagar framover i Forbrukerinspektørene på NRK 1 kl. 20.25.

Ein halv million nordmenn drøymer om å bli gründar. Med brems i oljesektoren og aukande arbeidsløyse har ord som «innovasjon» «gründar» og «entreprenørskap» vorte flittig brukt dei siste par månadane. Men korleis lykkast ein? I serien prøver NRKs programleiar Christian Strand seg som gründar. NRK-profilens idè er å utvikla ein bleienor som sender beskjed til smarttelefonen når barnet har gjort noko i bleien. Strands tekniske rådgivar er Åsmund Møll Frengstad. Han driv i dag firmaet Meschcraft AS.

– Vi utviklar ein slags Airbnb for parkering og lading av elbilar, som gjer det enklare for brukarane å finna ladestasjon- og parkering og som bidrar til å auka inntjeninga hos dei som eig ladestasjonane og parkeringsplassane, forklarer Frengstad.

Frå båtdesigner til gründar

Som NMBU-student i maskinprosess, og produktutvikling var Frengstads framtidsvisjon å bli bil- eller båtdesignar. Da mastersemesteret kom, stod det klart for han at han ønskte å bli gründar.

– Utdanninga mi ved NMBU har vore nyttig for den jobben eg gjer i dag. Standardfag som fysikk har gitt meg ei grunnleggande forståing. Studiar i produktutvikling har gjort meg i stand til å løysa utfordringar.

Som NMBU-student var Frengstad sentral i å utvikla mellom anna den drivstoffgjerrige, miljøvennlege konseptbilen Ecotwin.

– Den bilen var på mange måtar hjartebarnet mitt, seier han.

– Våg å satsa

Meschcraft er i oppstartsfasen, men utviklinga ser ifølgje Frengstad lovande ut.

– Marknaden er tøff, noko som betyr at vi må levera enda betre enn konkurrentane våre. Det er vi i gang med.

Til dei som vurderer å gå for gründerdraumen, har han følgjande råd:

– Våg å satsa. Finn andre du kan satsa saman med. Du må derfor tora å snakka om ideen din og få tilbakemeldingar. Når du ser etter samarbeidspartnarar, finn nokon som er gode på det som du ikkje kan.

Vart du inspirert og vil vita meir? Skru på NRK 1 kl. 2020 i dag. Gode råd og tips kan du få hos NMBUs Technology Transfer Technology (TTO). For som dei seier: Innovatørar trengst over alt!

Denne artikkelen er omsett til nynorsk

Fulgte gründerdrømmen, gir NRK gode råd

Tidligere NMBUer Åsmund Møll Frengstad har våget å satse på gründerdrømmen. Hør hans råd fire onsdager framover i Forbrukerinspektørene på NRK 1 kl. 20.25.

Publisert - Oppdatert

Del på