Eit grønt skifte frå Paris

Lørdag ble 196 land enige om en klimaavtale som skal gjelde fram til 2020.
Lørdag ble 196 land enige om en klimaavtale som skal gjelde fram til 2020.Foto: Shutterstock

Det grøne skiftet vart årets nyord. Laurdag vart 196 land einige om ein klimaavtale som skal gjelda fram til 2020, og verta utbetra kvart femte år. Foreløpig er imidlertid spriket mellom løfter og mål stort.

Arild Angelsen, professor ved Handelshøyskolen, NMBU.Likevel blir det rekna som ein stor siger at landa klarte å bli samde om klimaavtale. Delar av suksessen kjem av dynamikken som forhandlingane i Paris var tufta på.

– Det som har skilt desse forhandlingane frå tidlegare klimatoppmøte er dei såkalla Intended Nationally Determined Contributions (INDCs), der alle land har lagt inn frivillige, sjølvbestemde planer for kva dei vil gjera dei kommande ti åra. I Kyotoavtala sette ein kvotar («caps») for dei rikaste landa. Desse var juridisk bindande og den enkelte nasjonen kunne bli halde ansvarleg for gjennomføringa. USA har mellom anna derfor aldri godkjent Kyotoavtala. Tidlegare var mykje av spelet å avgrensa forpliktingane sine, medan denne gongen har det vore enklare for land å signalisera dei mindre forpliktande ambisjonane sine, seier Arild Angelsen, professor ved Handelshøgskulen, NMBU, som sjølv var til stades under delar av klimatoppmøtet i Paris som starta 30. november.

Siktar mot 1,5 grad

186 land sende inn planar for framtidige klimatiltak til FNs klimasekretariat. Løfta deira er langt frå tilstrekkelege til å avgrensa temperaturstiginga til to grader sidan førindustriell tid.

– For første gong har vi forpliktingar som det er mogleg å lesa av på gradestokken. Basert på kva landa har meldt inn, er anslaga ein temperaturauke på 2,7 til 3,7 grader, seier Angelsen.

I innspurten danna over 100 land den såkalla High Ambition Coalition. Koalisjonen, som består av utviklingsland og industriland, inkludert Noreg, USA, Mexico og Colombia, jobba i sluttspurten for ein meir ambisiøs, bindande avtale. Blant krava var ein mekanisme for å overvaka landa og forplikta dei til å leggja fram meir og meir ambisiøse klimatiltak kvart femte år og å avgrensa temperaturstigninga i dette hundreåret til 1,5 og ikkje to grader. Målet er at verda i løpet av siste halvdel av dette hundreåret skal bli klimanøytrale.

– Uforpliktande politiske målsetjingar endrar ikkje dei faktiske utsleppa. Eg er redd for at manglande tiltak blir kompenserte med ambisiøse mål. Mange ordspel svekkjer truverdet, seier Angelsen.

Klimateknologi

Skal den felles målsetjinga i verdssamfunnet om å avgrensa oppvarminga slik at sårbare øystatar ikkje blir slukt av havet, må klimateknologiske løysingar vera ein del av redninga. Frå 2020 skal det brukast minst 100 milliardar dollar i året på klimateknologi i utviklingsland, og dessutan at fattige land som blir ramma av klimaendringar skal få økonomisk støtte for tilpassing.

– Nøkkelen er å kopla klimamål til andre mål, der innbyggarane kan motiverast lokalt og nasjonalt, men kor effekten er global. Energiøkonomisering er eit slikt døme. Det er økonomisk lønnsamt, bidrar til redusert luftforureining lokalt og reduserte utslepp globalt, seier Angelsen.

Skog og landbruk en del av løysninga

Noreg har vore blant landa som har markert seg med utsleppsforpliktingar, ved hjelp av mellom anna handel innan EUs kvotesystem. Men skal vi nå dei målsetjingane som vart nedfelte i Paris, må det sterkare lut til enn dei forpliktingane som vart melde inn i forkant av møtet. Angelsen meiner ein stor del av kutta må takast innan landbruks- og skogsektoren.  

– Utslepp frå landbruk og avskoging står til saman for éin firedel av utsleppa. Ifølgje FNs klimapanel (IPCC) kan tiltak i desse to sektorane utgjera ein større del, kanskje éin tredel, av klimaløysinga. Inntrykket frå Paristoppmøtet er likevel at desse to sektorane utgjera ein større del, kanskje éin tredel, av klimaløysinga. Inntrykket frå Paristoppmøtet er likevel at desse to sektorane ikkje får éin tredel av merksemda, seier Angelsen.

Han trur éi årsak er at det er meir komplisert å måla utslepp frå skog- og landbrukssektoren. 

– I tillegg er mange, inkludert ein del miljøorganisasjonar, redde for at det skal ta merksemda bort frå hovudproblemet, nemleg utslepp frå fossil brensel. Skal vi ha noko som helst moglegheit for å nå togradersmålet, må det likevel satsast på brei front.

"Mirakel og kastastrofe"

Etter at avtala vart offentleggjort laurdag, har det vore hausta mange lovord. Angelsen meiner jubelen har vore litt for høg.

– Det beste ein kan håpa på frå Paris, er at det har starta ein dynamikk med nasjonale politikkendringar og teknologiutvikling som fører oss nærare ein togradersbane. Eg synest kontrastane i vurderinga av avtala resultat vart godt summert opp i den britiske avisa The Guardian: «Samanlikna med kva som kunne ha skjedd er det eit mirakel. Samanlikna med kva som burde ha skjedd er det ei katastrofe». Gapet mellom det politisk realistiske og det klimamessige nødvendige er stort, men har vorte litt mindre etter Paris, avsluttar Angelsen.

– Eit viktig gjennombrot

Instituttleiar ved Institutt for miljøvitskap, Jan Vermaat, meiner Paristoppmøtet er eit svært viktig gjennombrot.

– Kall meg gjerne naiv, men eg har forska på og undervist om klimaendringar i mange år no. Igjen og igjen har eg sett korleis vitskaplege bevis har vorte skove til side som usikkert, kontroversielt eller berre 'venstrevridd'. Også denne gongen vil det sjølvsagt vera styresmakter som prøver å vri seg unna og fortolka avtaleteksta. Likevel, aldri har vi komme så langt. Alle land og leiarane deira har no formelt erkjent at klimaendringar utgjer ein alvorleg, global trussel. Og alle har dei lova å gjera noko med det. Det er flott, og viser at politikarar kan gjera ein forskjell. Det kan òg vi forskarar. La oss derfor vera positivistar og jobba for konkrete løysingar, seier Vermaat.

Publisert - Oppdatert

Del på