– Eg er veldig glad for at me har fått denne prisen! Dette er ein skikkeleg inspirasjon i det vidare arbeidet! Samstundes forpliktar den oss til å strekke oss enda lenger, seier Mari Sundli Tveit, prorektor og leiar av UMBs likestillingskomité.

Pris på to millionar
UMB får prisen for sitt systematiske arbeid for å betre kjønnsbalansen ved universitetet.
– Universitetet for miljø- og biovitskap har vist ei markant haldningsendring i leiinga og organisasjonen når det gjeld å endre kjønnsbalansen blant dei tilsette. Kvart universitet og høgskule burde la seg inspirera, sa kunnskapsminister Kristin Halvorsen under tildelinga.
Systematisk arbeid
- Gratulera og takk til alle for innsatsen, sa UMB-rektor Hans Fredrik Hoen på Twitter då nyhendet vart kjent i ettermiddag.
I UMBs søknad heiter det blant anna at "universitetet for få år sidan hadde lita forankring av likestillingsarbeidet i leiing og økonomi, men på relativt kort tid har klart å forankre dette arbeidet i strategi, øvste leiing og i strategiske likestillingsmidlar.
"Handlingsplanen for å rekruttera kvinner 2011-2013 viser at UMB arbeidar aktivt, målretta og planmessig med å rekruttere fleire kvinner i faste vitskaplege stillingar."
Vil auke andelen kvinnelege professorar
– Prisen på to millionar kroner er jo heilt fantastisk. No får me moglegheit til å gjennomføra fleire av dei gode tiltaka som står på handlingsplanen. Det fyrste me skal gjere er å gjere det me kan for å få opp andelen kvinnelege professorar i eit eige opprykksprosjekt. Det har vore ein heilt spesiell god energi i likestillingskomitèen. Eg takkar alle der for den gløda som har prega arbeidet, og spesielt Lena Marie Kjøbli som har vore ein alle tiders primus motor, seier Sundli Tveit.
Det er sjette gong Kunnskapsdepartementet delar ut Likestillingsprisen, som skal styrke og motivere universitet, høgskular og forskingsinstitutta i deira likestillingsarbeid.