Meny
Arkiv
2014

Revolusjonerer fiskefôret

Eit UMB-basert forskingssenter har revolusjonert fôret til opprettsfisk: ved å gjera laksen til planteetarar har dei bidrege til å skapa ei meir berekraftig havbruksnæring.

Revolusjonerer fiskefôret

- No vert utfordringa for UMB å byggja vidare på dette arbeidet, og hava suksess på forskingsområdet òg i framtida, sa UMB-rektor Hans Fredrik Hoen på avsluttingsseminaret for Aquaculture Protein Centre (APC) torsdag.

APC vart i juni 2002 valt ut som eitt av Noregs 13 fyrste «Centers of Excellence» (CoE), som skulle bidra til å heva fleire norske forskarar og forskargrupper til eit internasjonalt nivå. Senteret var eit samarbeid UMB, Noregs veterinærhøgskole (NVH) og Nofima i mellom.

Meisterliga for forskarar
- Det føltest som om me var valde til meisterligaen for forskarar, fortalde APC-professor Anders Skrede under seminaret torsdag.

Han sa at det er vanskeleg å talfesta kunnskap, men han kjende seg sikker på at APC hadde vore ein viktig kunnskapsleverandør.
- Det viktige målet for APC – at mangel på proteinkjelder ikkje skulle hemma veksten i den norske lakseindustrien – er nådd, konkluderte han.

Tidlegare var laksefôr basert på fiskemjøl og fiskeolje, som er avgrensa ressursar.

Introduserte planteprotein i fiskefôr

Lykelen til at veksten i havbruksnæringa kunne halda fram på ein bærekraftig måte låg i å få laksen til å eta planteprotein. Det fortel APC-direktør Margareth Øverland til lokalavisa Grannar i dag:

- I Løpet av perioden har me greidd redusera det tradisjonelle fôret slik at fiskemjølinnhaldet i fôret er redusert til ned mot 10 %... utan at me har merkt det på veksten, fôrutnyttinga eller helsen til oppdrettslaksen. Dette har vore ei utfordring sidan fisk i utgangspunktet ikkje et plantar, seier ho.

I dag et laksen erter, soyabønner og raps. På menyen står òg gjærsopp frå restavfall i skogbruket. Forskarane jakta stadig nye ingrediensar: mellom anna bakteriar, algar, animalske biprodukt og treflis, heiter det i artikkelen.

Viktig for auka berekraft

- Det har verkeleg vore naudsynt med denne typen kunnskap i ei veksande næring som slit med bærekrafta. For UMB sin del er me utan tvil glade for å hava vore vertskap for APC. Det har vore viktig å hava senteret her, fyrst og framst frå ein vitskapleg ståstad, men òg for relevans: dette er ein stor og veksande industri i Noreg. Forskinga til APC er òg eit av dei områda der er openberre synergiar UMB og NVH i mellom, sa Hoen under avsluttingsseminaret torsdag.

Han retta ein stor takk til alle dei som har arbeidd med APC og levert resultata.

Forskinga held fram

Forskinga APC har stått for vil i framtida verta organisert hjå samarbeidspartnarane bak senteret.

- Me har framleis ei god forskargruppe her ved UMB, som vil gå inn i Institutt for husdyr- og akvakultur (IHA). Me treng framleis nye proteinkjelder. NVH sin forsking på området vil òg verta vidareført, og me vil samarbeida med dei òg i framtida, seier Øverland.

Published 10. september 2014 - 10:23 - Updated 23. mai 2017 - 19:36